Neste onsdag har The Dark Knight Rises premiere i Noreg. Den tredje Batman-filmen frå Christopher Nolan følgjer like etter Marc Webbs The Amazing Spider-Man – og båe er venta å bli blant sumarens store pengesuksessar på kino.

Men dedikerte fanmiljø og gigantiske marknadsføringsbudsjett er på ingen måte garanti for suksess i billettsalget. Det er dagens heimekino-slepp av John Carter ei levande påminning til Hollywood om.

Les også: John Carter kan bli tidenes filmflopp

Kven er John Carter?

Etter kinopremiera hevda Birger Vestmo at Stanton og Disney må ha overvurdert kor mange som faktisk kjende til denne prototypen på superheltar, som dukka opp alt i 1912:

— Eg trur publikum har svikta fordi dei rett og slett ikkje veit kva og kven John Carter er. Det er ein klassisk romanfigur, men dagens publikum har ikkje lest desse bøkene.

— Kanskje har marknadsføringa svikta? Traileren var ikkje god, og signaliserte ein anna film enn det den faktisk er. Kanskje Taylor Kitsch rett og slett ikkje er eit stort nok namn hjå publikum, seier Filmpolitiets politisjef – som likte filmen veldig godt.

John Carter: alle superhelters far, terningkast 5!

— Carter gjekk på trynet av fleire grunnar

Disney investerte heile 250 millioner dollar i produksjon, og rundt 100 millioner dollar i lanseringa av John Carter. Men sjølv med tidlegare Pixar-mann og Oscar-vinnar Andrew Stanton som regissør, og ein oppadstormande Taylor Kitsch i hovudrolla som «verdas eldste superhelt» vart det ikkje den suksessen dei hadde håpa på.

Etter kinolansering gjekk nemleg Disney 200 millioner i minus, noko dei sjølv gjekk ut med i ei pressemelding i slutten av mars – nokre knappe veker etter norsk premiere.

— «Carter» gjekk på trynet av fleire grunnar, seier Edwin Samuelson, programleiar for kultfilm-showet The Cinefiles til NTB.
— Når rykta går om at ein film er svak allereie før den opnar, held publikum seg unna. Eg syntest faktisk ikkje den var så verst, seier han.

Merkeleg tittelforandring

Taylor Kitsch mot animerte monstre i John Carter (Foto: The Walt Disney Company Nordic).
Så liten var Taylor Kitsch på John Carter-plakaten (Foto: The Walt Disney Company Nordic).
Men det største problemet kan like så godt ha vore forandringa i tittelen frå den originale boka.
— Tittelforkortinga frå John Carter of Mars. Plutseleg fortel den ingenting om kva filmen handlar om, seier Samuelson.

Denne namneendringa kom ironisk nok frå kommersielle vurderingar. Til NTB i London i mars sa regissør Stanton:
— Disney gjorde nokre innleiande analyser og skjønte at mange i testpanelet mislikte science fiction. Altså vart eg høfleg bedt om å byte. Sjølv om eg nølte, kom eg fram til at historia trass alt kretsar rundt John Carter.

Trøsten frå heimekinoen

Filmweb sin Kinotopp-oversikt plasserar filmen på ein 30.-plass med 44084 besøk. Til NTB seier Espen Solberg, dagleg leiar i Walt Disney Home Entertainment at utteljinga er skuffande, men at han håpar at heimekinokjøparane skal hjelpe filmen.

— Innsalget ser ut til å hamne mellom 50000 og 60000 einingar. Filmen vert dermed større på video enn på kino, seier han.

På verdsbasis vert det samla DVD og Blu-Ray-salget anteke å vere omkring halvanna million einingar, noko som iallfall hjelper litt på den vonbrotne kjensla Disney må kjenne.

Langt frå den siste heltefilmen

Og fleire filmar står i kø. I løpet av dei komande åra har Marvel og Disney planlagt eit nesten tosifra antal filmar. Først kjem Iron Man 3, og etter den kjem oppfølgjarar til både Captain America, Thor og The Amazing Spider-Man. I tillegg planleggjast både ein Guardians of the Galaxy og ein Ant-Man-film frå deiras litt mindre kjende univers.

DC og Warner Brothers planlegg på si side ei rekkje filmar frå sine univers. Supermann og venene hans får filmar først som Man of Steel og seinare ein Justice League of America-film inspirert av suksessen til The Avengers.

Men ein John Carter-oppfølgjar må du nok sjå langt etter.

Kva syntest du om John Carter? Eventuelt, kvifor har du latt vere å sjå den?