Stan Lee er mannen bak superheltar som Spider-Man, Hulk, Thor, Fantastic Four, Daredevil, og ein drøss andre figurar som har blitt laga både teikneseriar, filmar og spel av. Inntil no har han vore skeptisk til å seie negative ting om filmane, for ikkje å skuffe folk han kjenner i bransjen, men på Fan Expo – ei kanadisk teikneseriemesse – uttalte han seg denne veka.

— Eg hadde likt det dersom Hulk var mindre i dei to første filmane, og eg likte ikkje måten Doctor Doom var portrettert i Fantastic Four. På Daredevil så skreiv dei berre heile greia feil. Dei gjorde han for tragisk, det var ikkje slik eg skreiv han, sa han til forsamlinga.

Det er for så vidt ikkje store overraskingar Lee kjem med, både Fantastic Four, The Incredible Hulk og Daredevil er filmar som har fått mykje kritikk både av teikneseriefansen og filmnerdar på mange ulike måtar.

Les også: Også superheltar kan floppe

Men etter at Marvel byrja å lage filmane sine sjølv er han meir nøgd.

Heller ikkje så overraskande, ettersom Lee tener mykje penger på Marvels filmsuksessar, men eg trur at alle trass alt må seie seg samd i at fjorårets Captain America-film var betrakteleg betre enn 21th Century Film sin versjon frå 1990.


Trailer for den… ikkje fullt så gode Captain America-filmen frå 1990

Cameoroller

Etter at Lee vart utgiver, og seinare president og styreformann for Marvel på 70-talet har han ikkje skrive på så mange større prosjekt. No for tida – i ein alder av 89 – går jobben hans mest ut på å gjere bittesmå cameoroller i Marvel-filmar, for å ytterlegare sementere han som ein slags maskot for Marvel-selskapet.

Litt spøkande – mest sannsynlegvis – seier han at Avengers-suksessen kjem av at folk kom for å sjekke cameoopptredenen hans ein andre gong.

Les også: Joss Whedon lager Avengers 2 og ny Marvel-TV-serie

Han uttalte òg at minirolla hans i den komande Iron Man 3 er hans beste hittil, og at folk berre må glede seg til den. Og sjølv om eg og saktens gledar meg til dei komande superheltfilmane frå Marvel, er minirollene til Stan Lee ein tradisjon som har pågått sidan 1989!

Sjå alle smårollene i videoen under, og meld frå kva som er din favoritt i kommentarfeltet.