«This one time, at band camp»

Ohio State University Marching Band nytta pausa i college-football-kampen mot Nebraska til å marsjere i takt for eit knippe videospelklassikarar. Bonuspoeng om du kjenner att alle!

Beste augneblink: Pokémon-applausen!

«Movie 43» – ein kakofoni av plump humor

Sjølv er eg allergisk mot Anna Faris, men folka åleine er nok til å gjere denne traileren i det minste interessant. Farrelly-brørne, samt ei stor mengd Hollywood-komikarar, har laga filmen Movie 43 – ei rekkje kortfilmar med grov humor som fellestrekk. Interessant eller ikkje?

Beste augneblink: Halle Berry som bles ut ein blind unge sine bursdagslys

Nok ein tyrkisk 80-talsklassiker

Tyrkias actionfilmbransje slår til igjen. Denne gongen frå Death Warrior (Ölüm savasçisi) frå 1984. Kjennarar av tyrkisk actionfilm vil kanskje kjenne att den veldig godt gøymde trampolinehoppteknikken perfeksjonert i Dünyayi kurtaran adam (betre kjend som tyrkisk Star Wars) to år før.

Beste augneblink: Den lite subtile stelinga av The Thing-musikken

NHL 13: It’s not a bug, it’s a feature!

Apropos førre veke. I ein video frå EA Sports, som har det kraftigaste glimtet i auget sidan deiras tilsvarande Tiger Woods-video for nokre år sidan, insisterer dei på at kollisjonsfeila som me blant anna såg i førre vekes videosak er med vilje. Sjarmerande!

Beste augneblink: Publikum i kampen må vere på valium, dei bryr seg ikkje om at ein speler kjem flygande mot dei!

Frå gjengen som gav deg «Battleship»

Leiketøyskjeden Hasbro har hittil gitt ut filmar basert på Transformers og Battleship, og Action Man, Monopol og Hungry Hungry Hippos er no på veg. Lite er kjend enno, men FilmSchoolRejects har laga denne vesle forslagstraileren.

Beste augneblink: 1.02: Halen

«SimCity» er på veg!

Det ser ut som om SimCity har teke eit steg vidare sidan me såg det på Gamescom tidlegare i haust. Her får du sjå spelets produsent Stone Librande gå gjennom startfasen av ein by som han håper skal bli den neste Las Vegas.

Beste augneblink: Alt! Eg merker at det dirrer i SimCity-muskelen min!

Ein Scooby Doo-klassiker vert gjenskapt

Skjult kamera-spøker er vel strengt talt døde for lenge sidan, men av og til fungerar dei. I dette tilfellet har kanadiske Just for Laughs etterapa ei klassisk scene som er mykje gjort av gjengen bak Scooby Doo-TV-serien, Scooby Doo-dørene.

Beste augneblink: 4.33: Så forvirra har eg heldigvis aldri vore.

First World Problems

Betre kjend som luksusproblemer. Mine daglegdagse irritasjonar får liksom eit litt anna perspektiv når dei vert lesne opp av bebuarar i fattigare land.

Beste augneblink: Æsj, sylteagurk 🙁

Første episode i «Halo»-serie

Me får kanskje ingen Peter Jackson-film frå Halo-spela, kanskje dette er «next best thing»? Kvar fredag fram til 5. november kjem ein 20-minutters episode av Halo 4: Forward Unto Dawn.

Serien, som er skriven av folka bak manuset til blant anna Spartacus og Entourage er eit ledd i marknadsføringa av Halo 4 som kjem ut den 6. november.

Beste augneblink: Sjå heile, interessant nok.

Har du funne nokre kule trailerar, klipp eller kortfilmar på nettet denne veka? Del dei i kommentarfeltet!

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.