Nvidia lager vanlegvis utelukkande teknologien som er inni maskinene dine, no vil dei òg ta steget til konsollmakeri. På CES i natt – ei av verdas største elektronikkmesser – presenterte Nvidia-president Jen-Hsun Huang den handhaldne maskina Shield, melder blant andre Engadget.

Shield er Android-basert med ein eigen 720p 5-tommers-berøringsskjerm som òg kan sende HD-signal opp til 4K (4096 × 2160 pixler) ut til TV-en din. I utgangspunktet er det ei kva som helst Android Jelly Bean-eining, men den er òg kopla opp mot Nvidia sin eigen appbutikk, Tegrazone.

Steam-samankopling

Nvidia Shield sitt kontrolloppsett. (Foto: Nvidia)
Nvidia Shield sitt kontrolloppsett. (Foto: Nvidia)

Blant spela som vart vist på maskina på CES var det meste Android-spel som Blood Sword: Sword of Ruin, men òg komande titlar som Hawken. Dei store lanseringstitlane uteblei derimot litt.

I tillegg til spel direkte frå den handhaldne maskina støttar òg Shield streaming frå ein PC med Steam og Big Picture Mode over wi-fi. På presentasjonen viste Huang saumlaus speling av Assassins Creed 3 og Need for Speed: Most Wanted.

Draumen om å kunne spele ein historisk snikmordar medan ein sit på toalettet er dermed høgst levande. Dersom ein har ein PC med eit Geforce GTX-skjermkort altså, andre maskiner vert ikkje støtta.

PS Vita-spel: Assassins Creed III: Liberation: – Flere timer med god underholdning

Shield har òg micro-USB, micro-SD-inngang, og minijack-lydutgang.

Men kvifor?

Lanseringa er openbart eit ledd i Nvidia si lansering av den nye Tegra 4-prosessoren, som naturleg nok driv Shield. Den integrerer òg den nemnde Tegrazone-butikken, og Nvidia si skyspelingsteneste GRID – som vil streame spel til ulikt Nvidia-støtta utstyr. Sistnemnde kan vere eit av salsargumenta for maskina om dei klarer å arbeide ut eit fungerande produkt.

Planen er å gi ut maskina på fram mot sumaren (andre kvartal) i Nord-Amerika, resten av verda dukkar opp etter kvart. Ingen pris er hittil kjend, noko som nok kjem til å vere ein vinn-eller-forsvinn-faktor for eininga.

Dog, suksessraten er liten for nye konsollar, då det er eit hardt miljø å skape forteneste i. Rekk opp handa alle som har ein N-Gage, eller ein Gizmondo? Nettopp.

Les også: Svære skjermer i sentrum på CES-tjuvstart

Her presenterer Huang konsollen på scena under årets CES. Legg spesielt merke til den innlagde kunstpausen for (ikkje-eksisterande) applaus:

Ein av fleire nye konkurrentar

Shield er berre ein av fleire nye konkurrentar til dei store – Nintendo, Microsoft og Sony – det komande året. Android-baserte Ouya skapte mykje merksemd i fjor då dei samla inn fleire millionar doller på Kickstarter til sin «plug and play»-modell.

Samtidig gjekk Halflife– og Steam-skaparane i Valve nyleg ut med at konsollen dei planlegg skal vere utelukkande Linux-basert. «Steam-boksen» har den absolutte fordelen av å ha ein allereie veletablert brukarbase, om dei klarar å skape eit produkt folk vil ha.

Les også: Wii U-salg slår Nintendos egne rekorder

Nvidia kan kalle Shield ei handhalden maskin alt dei vil, men med 10 timar batteritid og ei av sine største funksjonar avhengig av heimens varme wi-fi-stråling er det i prinsippet ein berbar heimekonsoll.

Når forma i tillegg er meir på størrelse med ein feit handkontroller enn ein Nintendo DS eller ein PS Vita (eller kva som helst smartphone, for den del) er det nok heller ikkje der Nvidia ynskjer å konkurrere.

Og i ein marknad som alt er sterkt utfordra av smarttelefonane sin inngang, er ein berbar telefon utan telefonmogelegheiter verkeleg det Nvidia bør satse på?

Kva tenkjer du om denne utfordraren?