Steam

  • Kva er Steam?
  • Digital spillbutikk
  • Lansert i 2003
  • Over 1800 spill tilgjengeleg for nedlasting
  • Over 54 millionar aktive brukarar

Rykta om Valves inntog i konsollmarknaden har surra lenge. Frå før er dei mest kjend for spelutvikling, samt den digitale salgsplattformen Steam, men no vil dei konkurrere direkte i kampen om den neste generasjonen konsollar, ifølgje Kotaku.

Etter litt over eit år med testing av «Big Picture Mode» – ein versjon av butikken deira tiltenkt konsollvenlege spel på større TV-ar – slapp dei på helgas Video Game Awards nyhende om sitt inntog på eiga maskinvare.

Les også: Gabe Newell utfordrer konsollene

— Håper å sameine miljøa

Med unntak av EAs Origin er Valves Steam omtrent einerådande som digital salsplattform for PC, men steget over til stova kan likevel vere langt. Valves karismatiske sjef, Gabe Newell, håper det vil dempe noko av kampen som har gått føre seg i spelverda dei siste tiåra.

— Dei treng ikkje å dele verda inn i ‘Kvifor er venene mine på stova? Kvifor er underhaldningskjeldene på stova annleis enn andre stader?’. På ein måte håper me å sameine dei miljøa, seier Newell til Kotaku.

I tillegg til PC-marknaden har dei òg fått marknadsandelar i Mac-verda og held så smått på med ein oppstart på Linux.

Gabe Newell. (CC BY 2.0 - GDC 2010)
Gabe Newell by Official GDC 2010 (Lisens: Creative Commons BY 2.0)

Profil: Gabe Newell – PC-spillenes fremste forkjemper

Ikkje vanlege fleirbruksmaskiner

Men Valves eigne maskiner vil ikkje vere like medgjerlege som ein kva som helst heimecomputer. Dei spesialiserte maskinene ikkje vil vere opne for dei som ynskjer det.

— Maskinvara vår vil absolutt vere eit veldig kontrollert miljø. Om du vil ha meir fleksibilitet, så kan du kjøpe ein vanleg allbruks-PC. Dette er for folk som ynskjer ei meir nøkkelferdig løysing, noko dei vil ha til stova si, seier Gabe Newell.

Newell har tidlegare kritisert mellom anna Apple for deira låste butikkar og rettigheitssystem. Han har òg gått hardt ut mot Microsofts komande operativsystem Windows 8, som ser ut til å ta inspirasjon frå Apple sitt meir låste system.

Men sjølv med eigne låste maskiner er det ingen grunn til å anta at Steam vil endre sine digitale rettigheitspolicy.

Les også: Du eier ikke spillet ditt!

Visker ytterlegare ut skiljet mellom PC og konsoll

No som konsollane får fleire og fleire funksjonar òg utanom speling viskast grensene mellom konsoll og datamaskin ytterlegare ut. Førre veke kom nyheita om at Playstation 3 er den mest nytta boksen for streaming av video på Netflix.

I den samanhengen kan det vere eit logisk val for Newell å ta steget òg i den retninga. Nyleg vart Steam opna for ulike nytteprogram, som ikkje nødvendigvis er spel – så Netflix er nok sjølvsagt på ein eventuell Steam-boks òg.

Gabe Newell: — Piratkopiering er ikke et problem for oss

Valve-maskinene har verken fått namn eller tilhøyrande teknologi enno, men Newell seier at dei ikkje vil vere åleine om dette. Håpet hans er at fleire selskap kjem til å selje pakker med stovemaskiner frå neste år, som inneheld maskiner som koplast til TV-en og er tiltenkt å køyre Steam som ein form for operativsystem.

Med den nylege vandringa inn i Linuxland er det heller ikkje utenkjeleg at dette operativsystemet vert Linux-basert.

Kor stort er eigentleg skiljet mellom konsoll og PC? Har du ein PC kopla til TV-en din?