Norske Kon-Tiki var nominert for beste utenlandske film under årets Golden Globe-utdeling i natt, men austerrikske Amour tok til slutt prisen.
— Det er gøy å motta prisen frå ein austerrikar, sa Michael Haneke då han mottok prisen frå landsmannen Arnold Schwarzenegger.
Golden Globe: Se alle Golden Globe-vinnerne her
Andreplass er nokon gonger like bra
Regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning (med ektefeller), samt manusforfattar Petter Skavlan og Pål Sverre Hagen sat i salen. Anders Tvegård USA-korrespondent traff dei i presserommet etter utdelinga.
— Me tok det med eit smil, altså, me var veldig avslappa på dette. Eg var så lite overraska over at Amour vann, seier Skavlan. — Uansett, så kom me på andreplass, og nokon gonger er det like bra.
— Har de framleis trua på Oscar?
— Her var Amour nominert i éi klasse, på Oscaren er Amour nominert i tre-fire andre klasser, og der trur eg det vert eit heilt anna spel.
— Har filmen dykkar større sjanse til å vinne Oscar enn Golden Globe?
— Eg trur kanskje me har ein betre sjanse, men det vil vise seg, seier regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning.
I tillegg til Kon-Tiki konkurrerte den med danske En kongelig Affære, samt The Intouchables og Rust and Bone, begge fra Frankrike.
«Amour» styrker Oscar-sjansene
Tidligare denne veka vart det klart at Kon-Tiki òg er nominert til Oscar i same kategori som den nå tapte for Amour i.
Les: Her er Oscarnominasjonene for 2013
Juryane i Golden Globe- og Oscar-utdelingene er ganske ulike, men vanligvis er førstnemnde ein god peikepinn på filmen. Historien viser at dei gjerne deler smak når det gjeld dei største kategoriene – hovedsakleg på Beste-film, men óg dei andre.
Amour er av kritikarfavorittane til den tilsvarande Oscar-prisen, og med sigeren i Golden Globes har nok ikkje oddsen blitt dårlegare. Fleire norske filmekspertar har trukke fram Amour som den absolutte favoritten.
Les også: Små Oscar-sjanser for Kon-Tiki