Phillippe treng ein personleg assistent. Etter ei fallulukke er han lam frå halsen og ned, men frykt ikkje – han er rik nok til å betale for den beste hjelpa som er mogeleg å oppdrive. Blant dei stort sett perlekvite og velutdanna søkjarane utanfor kontoret hans er det éin person som skil seg ut – trygdesnyltaren Driss.

De urørlige er den største fransktalande filmsuksessen i Frankrike nokosinne. Det seier kanskje ikkje så mykje, ettersom den tok over trona frå den veldig interne, litt banale, Velkommen til Shtiene frå 2011.

Som ein del andre franske komediar balanserer den av og til hårfint på grensa mellom kleint og koseleg, men held seg stort sett på den varme, gode sida.

Hjelparen Driss er frå feil side av byen, og har stort sett berre møtt opp for å få ei underskrift. Slik kan han bevise at han har søkt jobbar, ikkje fått dei, og dermed få trygd. «Kom igjen i morgon, så fikser me lappen då!» vert starten på eit uvanleg vennskap dei imellom.

Venskap mellom to menneske frå ulike lag i samfunnet er ikkje akkurat nyskapande i seg sjølv, men De urørlige gjer det med kjærleik og varme.

Gode skodespelarval

Det som redder filmen frå å bli ein slags Driving Miss Daisy-kopi – med rullestol i staden for staseleg bil – er skodespelet. François Cluzet som Philippe gjer berre skodespel frå nakken og opp, men klarer likevel å bringe fram enormt mykje kjensler, med alt frå ei bevrande leppe til sjølvtilfredse smil om munnen.

Omar Sy spelar Driss, Phillippes rake motsetning. Han speler med heile kroppen, bjeffar ordre og fråsegn, og gir liv til scener som elles kunne ha blitt litt stillesitjande. Det småkjeklande men ærlege samspelet mellom desse to bér filmen, spesielt når dei byrjar å sjå kvarandre som meir enn ei stereotyp.

Melding: «Små, hvite løgner»: – Livet leves best uten skjulte følelser

I ei scene der Phillippe snakkar med ein slektning om valet av hjelpepleiar får han ei åtvaring om at «folk som Driss» ikkje har medlidenheit. «Det er det eg vil ha», seier Phillippe. Han er dritlei av å bli dulla med av kjempekorrekte pleiarar med kliniske forhold til pasientane sin.

(Meldinga held fram under biletet.)

Phillippe får óg uoffisiell medisinering av Driss (Foto: Scanbox).
Phillippe får òg uoffisiell medisinering av Driss (Foto: Scanbox).

I diverse media, spesielt amerikansk, har filmen fått kritikk for å vere rasistisk. Problemet er visst at Driss er ein såkalla «magical negro», den eksotiske, underdanige karakteren som redder livet til kvite hovudpersonar – for øvrig eit veldig amerikansk konsept. Eg tykkjer kritikken er overdriven, Driss ser ut til å kunne kontrollere kvardagen og dei rundt seg ganske bra.

At nokre av dei franske drabantbydelane er dominert av afrikanske immigrantar og dens etterkommarar er òg vanskeleg å unngå om ein skal vise dette miljøet fram. Problematisering av sosialpolitikk held filmen seg derimot – kanskje klokleg – unna. Dette er ein ganske uskuldig versjon av Paris, framført med sterke fargar og dus lyssetjing.

Les også: «De urørlige» er rasistisk, mener amerikanske filmkritikere

«Sann» historie

Konseptet «Based on a true story» er etter kvart meir utvatna enn homøopatisk medisin, men denne filmen er altså sanneleg basert på ei sann historie. Avslutningsscena er dei ekte menneske sett gjennom eit Instagram-filter. Søtt, om enn eit litt unødvendig verkemiddel, som ikkje beriker filmen noko særleg.

De urørlige er ingen Oscar-kandidat slik fjorårets The Artist var, men den får nok amerikansk remake før du kan seie Dinner for schmucks (Colin Firth er allereie tenkt ut i rolla som Phillippe).

Det finst sikkert mange årsaker til å rulle med augo og oversjå De urørlige, men godt skodespel, respekt for materialet og velpolerte miljøskildringar vert den noko som kan varme opp ein kald haustkveld.

PS: Berre så det er sagt, ikkje døm denne filmen ut frå traileren. Den er klein.

Om FILMEN

De urørlige
  • De urørlige
  • Slippdato: 9. november 2012
  • Regi: Olivier Nakache, Eric Toledano
  • Utgiver: Scanbox
  • Originaltittel: Intouchables
  • Sjanger: Drama, Komedie