Oppdatert: Sony skal vise Playstation 4 den 20. februar skriv Wall Street Journal og siterer kjelder som er «kjend med saka».

Sjølv om Nintendo tjuvstarta ved å lansere sin Wii U like før jul, tyder mykje på at 2013 vert året for neste generasjon spelmaskiner. Mange ventar at Sony og Microsoft no skal følgje tur og lansere sine nye maskiner.

No har ei side med ein mystiskt vag annonseringstrailer (sjå den like under) dukka opp på sidene til Sony. Speljournalistar har i tillegg motteke ein invitasjon til ei «Playstation Meeting» den 20. februar, litt på same måte som i 2006 og 2011 då henholdsvis PS3 og PSVita vart lansert.

Det er med andre ord langt frå utenkjeleg at det er Playstation 4 Sony ynskjer å vise fram.

Sony har til no haldt korta tett til brystet, og har tidlegare sagt at dei ikkje vil vise fram noko før Microsoft viser sin neste Xbox. Om Sony rett og slett var lei av å vente får me sjå i tida fram mot den 20. februar.

Forresten, dersom «the future» ender opp med å bli Playstation Move 2, så trur eg at eg gir opp.

EA-sjef i 2011: – Trenger ikke Playstation 4

Losby Santos er hovedbyen i GTA V. (Faksimile fra Gameinformer.com)
Losby Santos er hovedbyen i GTA V. (Faksimile fra Gameinformer.com)

GTA fekk ny dato

Dette kjem dagen etter Rockstar slapp nyheita om at GTA V får ny sleppdato. Der tidlegare fråsegn tilsa at spelet skulle kome ut før sumaren, i andre kvartal av året, har spelet no fått endeleg sleppdato den 17. september.

Rockstar seier sjølv at utsetjinga er for å finpusse spelet og gjere det til det beste dei kan, men internettet florerer no med rykter – ubekrefta, sjølvsagt – at GTA V vil dukke opp på neste generasjon spelmaskiner. Spelutviklaren avviser alle baktankar i ein kort kommentar:

– Den einaste grunnen, bokstaveleg talt, at me har utsett lanseringa er fordi me vil at spelet skal vere så bra som det treng å vere.

Utviklarar som EA har derimot sagt at dei allereie har sett maskinene, så såpass tett oppimot neste generasjon er det ikkje utenkjeleg at òg Rockstar vil vere med på lasset.

GTA V: Rockstar vil overgå alt som tidligere er laget i sitt nye storbyepos

Ingenting er kommentert, bortsett frå nettskya

EA-sjef Frank Gibeau sa allereie i haust i fjor at han hadde sett det neste frå Sony og Microsoft, og at dei skulle vere klare når maskinene kom:

– Me har alt starta arbeidet på tre til fem nye spelserier som me lanserer i løpet av dei 24 første månadene til generasjonen.

I fjor sumar kjøpte Sony spelstreamingtenesta Gaikai, noko som alt då skapte spekulasjonar om at Playstation 4 vert nettskybasert.

Det har svirra mange rykter om hardwaren til maskina, men ingenting er kommentert av Sony. Det dei derimot har sagt er at nettskya og streaming er uunngåeleg i framtidas spelmaskiner.

Les også: Sony-sjef: – Nettskya er ikke til å unngå

Kva forventar du av Playstation 4?