Superbowl – finalen i den amerikanske fotballigaen – er òg eit av verdas største tv-sendte utstillingsvindauger. Ølmerker, bilfabrikantar, godteriprodusentar og alt derimellom nyttar millionar av dollar på å få merksemda di i eit halvt minutt – for 4 millionar dollar – i ein av sportens mange reklamepausar.

Innimellom der dukkar òg filmtrailerar opp, hovudsakleg amerikanske blockbusterane og andre filmar retta mot marknaden som gjerne sit seg ned i fire og ein halv time for å sjå amerikanarar kaste lær-egg til kvarandre. Dei om det.

Her har du iallfall trailerane, minus all ballkastinga og -sparkinga.

Fast & Furious 6

Denne filmen ser ut som den prøver å sy saman absolutt alle dei føregåande filmane i serien. Både på godt og vondt. Eksplosjonar, hopp, fart, raske damer, flotte bilar og fleire action-set-pieces enn i Michael Bays våte draumar.

Tanksar i biljakter. Og så tek dei ned eit fly. BOOOOWM!

Anmelding: Fast Five: Dum? Ja. Stupid? Ja. Fantastisk popcornfilm? Oh, yes!

Iron Man 3

Den starter med eit langt blikk frå – og på – Robert Downey Jr. Om éin skodespelar skulle ha klart å halde på merksemda vår med blikket i halvanna minutt, så måtte det vel ha vore han, men heldigvis får me sjå litt frå filmen òg.

Har du sett på maken, endå eit fallande fly! BOOOOOWM!

Anmelding: Iron Man 2: – Robert Downey Jr. gir jernet!

The Lone Ranger

Frå folka som gav deg Pirates of the Caribbean kjem Pirates of the Caribbean in the Wild West. Med praktisk talt det same crewet bak kamera, og kaptein Jack Sparrow i eit anna kostyme framfor kamera går det kanskje an å gjette kva slags film dette vert.

Lat oss berre håpe denne er meir som dei første PoC-filmane og mindre som dei seinare. Ingen fly, men iallfall ei heftig togscene!

Les også: Johnny Depp vil vekkje Don Quijote til live

Oz, The Great and Powerful

Disneys siste «barneeventyr med eksplosjonar». Dei tek i hardt både på effektane og skodespelarrikdommen, men var ikkje denne litt forgløymeleg då? Eg har sett den to gonger no, og hugsar knappast kva som hendte.

Vent jo, flygande apekattar!

Anmelding: Snow White and the Huntsman: – Et realt eventyr

Star Trek Into Darkness

Det er eit eller anna med stemma til Benedict Cumberbatch som gjer til at denne traileren kan sjåast utan bilete, og framleis vere engasjerande. J.J. Abrams ser ut som han tek actionen eit hakk opp frå førre film, og kanskje menneskelegg serien litt meir igjen?

«Cumberbitch» until I die, og så vidare.

Les også: Døende Star Trek-fan fikk oppfylt sitt siste ønske

World War Z

Zombiar er (pun intended) døde no, er dei ikkje? I tillegg ser ein omtrent nøyaktig den same som det førre traileren viste, så det må kanskje reknast som ein tapt sjanse. På den andre sida, Brad Pitt sin hårsveis gjer det alltid verd å sjå på.

Også var det ei scene med eit kræsjande fly!

Les også: The Walking Dead gjenoppstår i første person

Konklusjon, årets storfilmar ser ut til å vere samde i at flykrasj er kult. Om det vert like raft som i fjorårets The Dark Knight Rises gjenstår å sjå.

Ja, også vann Baltimore Ravens då. Det gjorde mange menneske glade, deriblant The Wires eigen Bunk, Wendell Pierce.

Kva filmar gler du deg til i år?