For ein fullsatt sal med amerikansk kinoeigarar – ein organisasjon med den litt forvirrande forkortinga NATO – viste regissør Zack Snyder og produsent Christopher Nolan fram den tredje traileren for Supermann-filmen Man of Steel i natt.

– Han er den beste superhelten, seier regissør Snyder, før han held fram – nesten litt naivt, ifølgje Associated Press.

– Det er inga konkurranse mellom superheltane, men om det var det, så ville han ha vunne.

Og vinnaren er…: Filmpolitiets lesarar stemte fram sin favorittsuperhelt

Den tredje og nyaste traileren fokuserer meir på Clark Kent/Kal Els oppvekst enn dei tidlegare, og startar på hans opphavelege heimplanet Krypton, ei verd i full oppløysing. Supermanns kryptonske foreldre snakker om korleis han kjem til å bli motteken på planeten dei skal sende han. Blir han utstøtt? Nei, han vil bli ein gud.

Artikkelen held fram under traileren

Eit av måla med filmen er å trekkje Supermann litt vekk frå dei velkjende historiene. Henry Cavill (Immortals) har rolla som Supermann/Clark Kent/Kal El, som i motsetning til vanleg ikkje blir Daily Planet-journalisten me kjenner herr Kent som.

I eit finurleg sceneutdrag forklarer han at S-en på drakta ikkje er bokstaven me jordbuarar trur at det er – det er eit kryptonsk symbol for «håp». Amy Adams (The Fighter, The Master) speler den litt meir attkjennelege Lois Lane som intervjuer Supermann – og nesten får gitt han namnet me kjenner han best som.

«KNEEL BEFORE ZOD!» (Foto: SF Norge)
«KNEEL BEFORE ZOD!» (Foto: SF Norge)

Les også: Christopher Nolan: – «Superman» har alltid handlet om håp

Me får òg eit glimt av Michael Shannon (Boardwalk Empire, Revolutionary Road) som den onde Zod – Supermanns utomjordiske motstander i filmen. Han ser ikkje blid ut!

Skutt på analog film

Produsent Christopher Nolan – som blant anna har gjort Batman-trilogien som ifjor vart avslutta med Dark Knight Rises – har lenge vore ein uttalt motstander av å filme digitalt, han held seg til den gode gamle analoge filmen. Filosofien har tydelegvis strukke seg vidare til Zack Snyder.

– Me skaut filmen analogt – og det er trist at eg må seie det på denne måten, men det er fordi eg ville at filmen skulle vere ei stor kinooppleving, sa Snyder, og retta seg mot sitt publikum.

– Me ville gi kinoane dykkar ein stor, gigantisk film-film.

Man of Steel dukker opp i 3D, og har norsk premiere den 19. juni i år.

Kva trur du om Supermann så langt?