Siste episode i sjette sesong av Mad Men gjekk på den amerikanske TV-kanalen AMC i går. Resultatet vart ein sisteepisodes sjåarrekord på rundt 2,7 millionar sjåarar i USA, i ein sesong som på det jamne har hatt 2,5 millionar per episode, melder Entertainment Weekly.

Serien sirklar rundt reklameselskapet Sterling Cooper, og spesielt reklamemannen Don Draper (Jon Hamm). Frå nyttårsaftan 1959 i sesong 1 har serien vist hans oppgang og nedgang, og i sjette sesong har han verkeleg gått i ein nedadgåande spiral av alkoholmisbruk og sjølvhat. Sisteepisoden tok denne historia eit hakk vidare (utan at eg skal seie korleis).

– Det eg verkeleg ville gjere, var å få han til ein stad der han kunne sjå seg sjølv i spegelen og sjå alt det om seg sjølv, seier serieskapar Matthew Weiner om Dons historie dei førre 13 episodane.

Les også: Matthew Weiner: – «Mad Men» forandret min karriere

Ikkje fullstendige tal

Mad Men slår dermed tala til The Killing, ligg rundt Breaking Bad, men er ikkje i nærleiken av tala som The Walking Dead har hatt på sine beste episodar. AMC-presidenten verkar likevel å vere nøgd:

– At serien i sin sjette sesong får den høgaste sesongavslutninga nokosinne er ei etterleivning til alle som bringer denne verda til live, sa Charlie Coller.

Tala vert måla av selskapet Nielsen, som nyttar elektroniske boksar og spørjeskjema på ein mindre andel sjåarar for å rekne ut kor mange i USA som ser på kva program.

Matthew Weiner (midten), med skuespillerne Christina Hendricks (høyre) og Elisabeth Moss (venstre) på settet til «Mad Men» i 2010. (AP Photo/Matt Sayles)
Matthew Weiner (midten), med skuespillerne Christina Hendricks (høyre) og Elisabeth Moss (venstre) på settet til «Mad Men» i 2010. (AP Photo/Matt Sayles)

Tala er likevel ikkje heilt fullstendige ettersom selskapet ikkje har like utvikla målemetodar for nett, eller andre stader enn den vanlege TV-en din. Strøymetenester som Netflix, Hulu eller HBO er blant anna ikkje medrekna i tala.

Anmelding: Mad Men S05E01

Sjuande og siste sesong

Dermed er alt duka for sesong 7, som er venta å bli den siste i serien. Ifølgje Weiner sjølv veit han korleis det heile skal ende (sidan tredje sesong), men han nektar sjølvsagt å avsløre kva avslutninga skulle vere.

Ingenting er likevel ferdigskrive enno, ikkje før Weiner kjem attende på jobb i juli.

– Så kjem manusforfattarane i byrjinga av august. Så byrjer me å filme i oktober, seier han til Deadline.

Serien er blitt kjend for eit langsamt tempo, ei sakte oppbygging mot slutten. Tydelegvis er dette midt i blinken for Emmy-juryen, som har kåra serien til beste drama fire år på rad – 2008, 2009, 2010 og 2011, før den tapte for spenningsserien Homeland ved fjorårets premieutdeling.

I Noreg går Mad Men på TVNorge-kanalen VOX. Nest siste og siste episode av sjette sesong går i kveld klokka 22.30.

Kva synest du om Mad Men?