Både kritikarar og publikum har lovprist rolla hans som kyniske Francis Underwood i TV-serien House of Cards. Kevin Spacey dukkar opp på nyåret igjen i andre sesong av serien som starta Netflix sitt krosstog mot tradisjonelle TV-seriar. I utgangspunktet blir det hans siste TV-serie.

– Nei, eg er ikkje interessert i å gjere fleire TV-seriar som skodespelar. Det er ei heiltidsforplikting, ikkje sant, det er seks månader av livet mitt nytta til å spele inn 13 episodar, og eg er ikkje interessert å vere skodespelar i fleire TV-seriar, seier Spacey over telefonen.

Han ynskjer derimot å vere produsent på fleire seriar og filmar, noko han vil nytte dei komande åra på. I House of Cards er han kreditert som produsent, og gjorde blant anna små endringar i manus. Under innspeling var han derimot utelukkande skodespelar.

Kevin Spacey som den karismatiske Richard III. (AP Photo: Boneau/Bryan-Brown, Joan Marcus)
Kevin Spacey som den karismatiske Richard III på teaterscena BAM New York. (AP Photo: Boneau/Bryan-Brown, Joan Marcus)

– Dei to rollene samtidig krev mykje av meg. Innvendingar, spørsmål om manus eller måten noko spelast ut på, taklar eg privat utanfor settet.

Intervju med Kate Mara: – Den beste måten å se TV på

Om å gjere publikum til medskuldige

I den amerikanske serien, på same måte som i det britiske opphavet, snakkar rolla hans gjerne direkte til kamera – noko som kan verke uvant for mange.

Opphavet går attende til Shakespeare, og er i stor grad basert på skodespelet Richard III, ei rolle som Spacey har spelt på scena tidlegare (teaterstykket var produsert av Bond-regissør Sam Mendes).

– Der snakkar figuren direkte til publikum og avslører ting som ingen andre på scena veit. Det er akkurat der det kjem frå, og det er akkurat difor me gjer det, preiker han undervisande.

– Og, på same måte som då eg spelte Richard III, var det ei utruleg oppleving å sjå korleis publikummet elska den type direkte tale, tilknytinga det skapte til figuren, og korleis publikum var villige – til og med gledeleg, opp til eit visst punkt – til å bli medskuldige.

Spacey ville ikkje gjere moralske bedømmingar på sin eigen figur – han ville berre spele rolla si og late publikum undre over kynismen til Underwood. Ein til tider vondskapsfull mann, ja, men på den andre sida, ein yttarst effektiv politikar.

Det er ikkje nødvendigvis presidenten som har mest makt. (Foto: Netflix)
Det er ikkje nødvendigvis presidenten som har mest makt. (Foto: Netflix)

Anmelding: House of Cards S01: – «West Wings» vonde tvillingbror

Politikk, takk!

Kevin Spacey er politisk aktiv utanfor skodespelaryrket, har stort sett støtta Demokratane sine presidentkandidatar heilt sidan Jimmy Carter i 1976, og er personleg ven med blant anna Bill Clinton.

Figuren Francis Underwood er òg i det Demokratiske partiet, men ifølgje Spacey er han ikkje basert på nokre spesielle frå den amerikanske politikken.

– Men ein kan ikkje unngå å suge til seg tiltrekkingskrafta til slike personar. Nokre politikarar eg har sett har vore briljante med publikum og taleevner, omtrent på lik linje med ein skodespelar!

Den politiske verda er grimt vist fram i House of Cards – med svik, mord og karakterdrap over ein låg sko. Medan fleire har sagt at serien er urealistisk, har Spacey sjølv i stor grad fått inntrykk av at manusarbeidet – hovudsakleg av Beau Willimon (Maktens menn) – ikkje er så langt unna sanninga:

– Om dei vil seie det privat eller offentleg får vere opp til dei, men det eg har høyrd generelt er at me har gjort det rett; at det er veldig mykje av det me har gjort i serien som stemmer med tanke på korleis politikk og den politiske maskina fungerer, seier han.

– Om det er ein deprimerande eller ein interessant ide, let eg vere opp til lesaren. Men eg tenkjer ofte til meg sjølv, historiene våre er ikkje så gale. Eg trur ikkje at denne typen program har noko innverknad på den verkelege verda, eg håper berre at det er underhaldande.

Han skildrar det siste tiåret som ei tid då dei beste historieforteljarane har gått frå film til TV, og så til internett – medan Hollywood-filmar i staden fokuserer på dei store «tentpole»-filmane.

– Det er iallfall openbert at det framleis er ein plass for godt drama, og gode figurdrivne kreasjonar!

Anmelding: Maktens menn: – En malstrøm av hemmelige strategier og agendaer

House of Cards. (Foto: Netflix)
Handlingane mellom journalisten Zoe og politikaren Francis er sentrale i starten av første sesong. (Foto: Netflix)

– Kameraet veit ikkje kva det lagar

Netflix strategi for sine nye seriar har vore å legge ut heile sesongen på ein gong, noko dei sjølv i stor grad meiner er vellukka. Sjølv om setninga «vi tenkte på det som ein 13 timar lang film» byrjar å bli litt slite etter House of Cards, Hemlock Grove, Arrested Development og no sist, Orange is the new black, så er det framleis dét Spacey ser på som den største endringa.

David Fincher instruerar Kate Mara og Kevin Spacey. (Foto: Melinda Sue Gordon/Netflix)
David Fincher instruerer Kate Mara og Kevin Spacey. (Foto: Melinda Sue Gordon/Netflix)

– Eg trur ikkje måten noko er distribuert på endrar så mykje på korleis det er laga. Kameraet veit ikkje at det er eit TV-kamera, eller eit internett-kamera eller eit filmkamera; det er berre eit kamera.

– Unntaket i dette tilfellet var at me slapp å lage ein pilotepisode, ein slags «audition» for serien. Frå eit manusperspektiv slapp me å etablere absolutt alle figurar i løpet av den første timen, me kunne setje i gang historieforteljinga med ein gong, vel vitande at me hadde 26 kapittel.

«Arrested Development»-skaparen: – Den dårlege nyheita er at eg kjem til å gjere det same igjen!

Der fjerdesesongen av Arrested Development gjorde drastiske endringar på innspelingsmåten, fungerte i staden House of Cards ganske likt ein kva som helst TV-serie.

– Eg trur skilnaden er større for publikum enn for oss, fordi me gir eigentleg publikum fridomen til å gjere det dei vil.

– Tida då ein leidde publikum til klokka åtte på måndag kveld er over.

Andre sesong av House of Cards har ikkje fått endeleg dato, men er venta tidleg i 2014. Nyleg kom første sesong av serien på Blu-ray og DVD, i tillegg til å vere tilgjengeleg på Netflix-plattforma.

Kva synest du om Kevin Spaceys rolleprestasjon i House of Cards?