Chris Columbus (Hjemme Alene, Harry Potter) har sidan 2011 hatt rettane på ein amerikansk gjenskaping av den norske filmen Trolljegeren. No har produksjonsselskapet hans vald ut ein regissør til prosjektet, nemleg engelske Neil Marshall, skriv Deadline.

Marshall står blant anna bak huleklatrarhorroren The Descent, Game of Thrones-episoden Blackwater, samt sisteepisoden i fjerde sesong – som han no er i Irland for å spele inn.

Marshall skal òg skrive manus på remaken, som er satt opp med eit budsjett på 25 millionar dollar – rundt 148 millionar kroner. Produsentane er Chris Columbus, saman med John Jacobsen og Sveinung Golimo, som var med på den opphavlege.

Regissør av Trolljegeren, André Øvredal. (Foto: Scanpix/SF Norge)
Regissør av den norske Trolljegeren, André Øvredal, får nytt NBC-prosjekt (Foto: Scanpix/SF Norge)

Kven som skal spele i filmen er enno ikkje fastsett, men Deadline melder at produksjonsselskapet 1492 siktar høgt – mot ein skodespelar som ikkje normalt er i skrekksjangeren.

Anmelding: Trolljegeren: – En ny norsk filmklassiker er født!

«Trolljegeren»-regissør får agentserien «Ghost Projekt»

Samtidig kjem nyheita om at regissøren av Trolljegeren, André Øvredal, får eit nytt TV-prosjekt – òg hjå Deadline.

Ghost Projekt er basert på Oni Press-teikneseria om ein russisk og ein amerikansk agent som må samarbeide då eit overnaturleg våpen vert stole frå ein gammal sovjetisk militærbase.

Manuset er skrive av John Glenn (Eagle Eye), og målet er ein TV-serie hjå NBC – førebels berre ein pilot som Øvredal skal regissere. Dette er i utgangspunktet i tillegg til monsterinsektprosjektet Enormous, som han fekk i fjor.

Les også: Øvredal samarbeider med Hollywood-legende

Kven burde spele trolljegeren Hans i den amerikanske «Trolljegeren»?