Emmy – TV-ens Oscar. Natt til sundag skal TV-bransjen feire seg sjølv, i Nokia Theatre i Los Angeles, og dei rundt 15 000 medlemma av Academy of Television Arts & Sciences skal dele ut prisar til sine eigne – frå rundt 02.00 norsk tid i natt.

Les også: Sjå årets Emmy-vinnarar her

I utgangspunktet er det ei heilt vanleg Emmy-utdeling. Neil Patrick Harris skal vere kveldens vert, som i 2009. HBO har flest nominasjonar, på grunn av kvalitet. NBC har nest flest nominasjonar, på grunn av 30 Rock. Men på sjetteplass er det eit nytt namn, som gjer årets utdeling litt spesiell: Netflix.

I fjor var det «Homeland» som tok flest prisar, kven blir det i år? (Foto: AP Photo/NBC, Paul Drinkwater)
I fjor var det «Homeland» som tok flest prisar, kven blir det i år? (Foto: AP Photo/NBC, Paul Drinkwater)

Det er fem år sidan Emmy opna for at internettbidrag kunne nominerast, men knappast nokon la merke til det då.

Sidan fjorårets utdeling har derimot Netflix innteke TV-verda på ordentleg, og for første gong nokosinne er reine nettsatsingar – House of Cards, Hemlock Grove og Arrested Development – nominert til nokre av prisane.

Emmy-nominasjonane: «House of Cards» er historisk

«Breaking Bad» går for storeslem

Ikkje at det er venta at Netflix tek reint bord. Både AMCs Breaking Bad, HBOs Game of Thrones, og mest sannsynleg Showtimes Homeland kjem til å plukke med seg velfortente prisar for fantastiske sesongar det siste året – som Emmy reknar å vere frå 1. juni til 31. mai.

Humorsida er litt meir open. Emmy-juryen har vore veldig glad i Modern Family dei siste åra, men i år stiller 30 Rock og Arrested Development med sterke kort. Veep med Julia Louis-Dreyfus i spissen er òg ei dame mange satsar på.

30 Rocks avslutningssesong er nominert heile 9 gongar. Breaking Bad, Homeland og Modern Family har fått åtte nominasjonar, og Downton Abbey og Mad Men har fått sju.

Det er òg venta at Steven Soderberghs Mitt liv med Liberace skal plukke med seg nokre prisar – 6 nominasjonar – spesielt etter prisane den fekk i Creative Emmys.

«Breaking Bad» sin hovudrolleinnehavar Bryan Cranston er blant dei som er rekna som sannsynlege prismottakarar. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)
«Breaking Bad» sin hovudrolleinnehavar Bryan Cranston er blant dei som er rekna som sannsynlege prismottakarar. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)

Les også: «Breaking Bad» ferdig? «Better call Saul»!

«Internett har blitt ein ting»

Det er likevel gøy å sjå at «internett har blitt ein ting», òg for bransjen sjølv. Sjølv om eg ikkje akkurat ventar at Youtube-videoar dukkar opp i Emmy til neste år, så må ein ikkje lenger innom eit fastlåst TV-tidsskjema for å bli anerkjend som likemann i TV-bransjen.

Dermed vert det litt meir spennande å sjå årets sending. Er Netflix teke inn som eit anerkjennande nikk til «internett», eller kan dei faktisk vinne? HBO brukte over 10 år frå dei laga sin første TV-serie til dei vant sin første Emmy, ender Netflix opp med å nytte eitt år på det same?

Noko anna som kjem til å bli gøy er Neil Patrick Harris’ opningsshow. Om det blir noko i nærleiken av årets Tony Awards, er det mykje å glede seg til (sjå videoen nederst i saka).

Filmpolitiet kjem til å følgje Emmy-utdelinga gjennom nattestimane, og me skal dekkje både kjolane, prisane og takketalane – og sikkert opningsshowet – for dei som er glad i slikt.

Kven fortener å vinne i år? Kven fortener ikkje å vinne i år? Får «Breaking Bad» flest prisar – igjen?