Joachim Rønning og Espen Sandberg (Max Manus, Kon-Tiki) skal regissere ein av 2014s nye Netflix-seriar. Dei norske regissørane skal lage ein 9-episodars serie om 1200-tals-oppdagaren Marco Polo, saman med produsent Dan Minahan (Game of Thrones) og serieskapar John Fusco (Young Guns)

– Fusco og hans team har saman skapt ei tidlaus forteljing med ingrediensar som makt, eventyr, svik og begjær, seier Netflix-sjef Ted Sarandos i ei pressemelding.

Serien er produsert saman med Harvey Weinstein, som var mannen som arbeidde hardast for at Kon-Tiki skulle bli nominert til Oscar for beste utanlandske film i 2012.

Marco Polo reiste over 24 000 kilometer på sine turar fram og tilbake mellom Asia og Europa. (Foto: Wikimedia Commons, via cc-by-sa-lisens: http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.en )
Marco Polo reiste over 24 000 kilometer på sine turar fram og tilbake mellom Asia og Europa. (Foto: Wikimedia Commons, via cc-by-sa-lisens: http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.en )

– Etter suksess med seriar som House of Cards og Orange is the new black er det tydeleg at Netflix har funne ei god oppskrift, seier han.

Les også: Harvey Weinstein satsar på TV – har fleire prosjekt på gang

Kjem før ny «Pirates of the Caribbean»-film

Sandberg og Rønning skal regissere TV-serien, som skal omhandle Marco Polos reiser til eit Kina i opprør på 1200-talet – ei ferd han beskreiv nøye i tekstar i etterkant.

Korvidt serien kjem til å ta for seg debatten om italienaren reiser er 100 % reelle seiest ikkje.

Sandberg og Rønning er allereie knytt opp til fleire prosjekt, blant anna den femte filmen i Pirates of the Caribbean-serien som i september i fjor vart utsatt på ubestemt tid på grunn av penge- og manusproblem.

Les også: Sandberg og Rønning har kjøpt rettane til remake av norsk thriller

Ifølgje Netflix skal innspelinga av Marco Polo-serien starte i løpet av kort tid, noko som kan tyde på at dette prosjektet vert fullført før dei set i gang med Jack Sparrows neste eventyr. Dette vert den første TV-serien dei to regisserer.

Serien har ikkje ein fastsatt premieredato enno, men den vil vere ute mot slutten av 2014.

Kan Rønning og Sandberg føre oppdagarevna til Marco Polo til tv-skjermen?