Martin Scorsese voks opp i ein særs katolsk heim i det italiensk-amerikanske New York på 50-talet. Han oppdaga tidleg filmen, gjennom mange besøk i kinosalen som born, men det var lenge presteyrket som tiltalte han mest. Til slutt tok han utdanninga si på New York University, og laga sine første filmar frå slutten av 50-talet.
Scorsese om karriera si, «The Wolf of Wall Street», og ny teknologi i webserien DP/30.
Han er kjend for sine nære regissør/skodespelar-samarbeid med blant andre Robert De Niro, og – i dei seinare åra – 5 filmar med Leonardo Dicaprio i sentrale roller.
Etter kvart byrjar han å bli ein gammal mann med sine 71 år, og han har byrja å hinte til at det ikkje er så mange filmar igjen i han.
I fjor sa han frå seg filmatiseringa av Jo Nesbøs Snømannen, og etter komande The Wolf of Wall Street (premiere den 31. januar) er hans neste prosjekt Silence – ei 1600-talshistorie om katolske prestar som forlot trua si.
Martin Scorsese har regissert over 50 filmar i løpet av over 50 år i bransjen, inkludert dokumentarar, konsertfilmar, og musikkvideoar (blant annamusikkvideoen til Michael Jacksons Bad frå 1987). Det var likevel fiksjonsfilmane hans som vegde tyngst når me satte opp denne lista.
Like bak teten finn ein filmar som Raging Bull og The Aviator, med The Last Waltz, Kundun og The Color of Money trålande etter. Scorsese er ein mann som har laga mange fantastiske filmar, men dette er våre favorittar.
Casino (1995)
Andreas: Dette var filmen Scorsese laga etter Mafiabrødre. I likskap med denne er den basert på ei bok av Nicholas Pileggi, ein forfattar som har skrive mykje om organisert kriminalitet i USA – blant anna også manuset til Ridley Scott-filmen American Gangster.
Historia finn stad rundt eit kasino i Las Vegas – ein talknusande kasinooperatør (de Niro), og hans gangsterkontakt (Pesci). Filmens femme fatale, den blonde Ginger (i Oscar-belønna Sharon Stones skikkelse) merkar også byens køyr.
Fram til i utgivinga av The Wolf of Wall Street i fjor, var Casino framleis – nesten 20 år etterpå – den av Scorseses filmar med hyppigast bruk av ordet «fuck». Dette er fakta eg ser for meg at filmens fans nyttar som eit kompliment, medan filmens motstandarar nyttar det som bevis på dens forfall.
Som i mange av filmane hans er det miljøskildringa som er sterkast – Las Vegas er omtrent ein eigen person som let dei andre leike seg i lyset og synda – men samhandlinga mellom figurane sementerer hovmodet, grådigheita, og valden.
Og dressane då – dei fantastiske dressane.
Les også: Topp 5: Pengefilmer
Mean Streets (1973)
Rune: Mean Streets fra 1973 regnes som Scorseses gjennombrudd. Men han hadde da allerede gått i skole hos mannen som også sparket i gang karrieren til James Cameron og Francis Ford Coppola. Gjennom arbeidet han gjorde for kultprodusenten Roger Corman (inkludert Boxcar Bertha i 1972) fikk Scorsese erfaringen og kontaktene til å realisere sine egne prosjekter.
– Du har akkurat brukt ett år av livet ditt på å lage dritt, skal regissøren John Cassavetes ha sagt til Scorsese etter Boxcar Bertha fra 1972.
Dermed lot Scorsese seg inspirere av sin egen oppvekst i det harde miljøet i New Yorks «Little Italy». Robert De Niro vokste opp rett nord for den italienske bydelen og han likte hva Scorsese hadde gjort i sin aller første spillefilm, Who’s That Knocking At My Door fra 1967, som for øvrig også var Harvey Keitels debut som skuespiller.
Fortellingen om Charlie (Keitel) som vil opp og frem rangstigen hos den lokale mafien, og hans viltre venn Johnny Boy (De Niro), ble hyllet da den hadde premiere i oktober 1973. Allerede i sin samtid ble filmen omtalt som noe av det mest originale som noen sinne var vist frem på et kinolerret.
En viktig markør i det som da var en ny gullalder for amerikanske filmer, en tid hvor det gamle studiosystemet smuldret opp og en ny generasjon filmskapere med et personlig preg steg frem på scenen. Mean Streets markerte Martin Scorseses inntog som en av lederne i bevegelsen vi i dag kjenner som New Hollywood.
Les også: «Mean Streets» er ein av filmane du bør ha sett for å bli filmskapar
The Departed (2006)
Andreas: Det er denne filmen eg peikar på kvar gong nokon seier «Æsj, Hollywoods mange remakes er kun eit teikn på kreativ tørke!» (noko som hender overraskande ofte). Scorseses historie om politi og gangsterar i Boston som båe infiltrerar kvarandres arbeidsstand er basert på Hong Kong-serien Infernal Affairs.
Det er klart, det har sjølvsagt noko med regissøren å gjere. Og eit skarpt manus i regissørens ånd. Og fantastiske skodespelarar framfor kamera. Og den har teke opphavsmaterialet og skapt ei historie som er i det nye heimlandet sin ånd. Slik ein alltid bør med ein remake.
Scorsese hadde blitt nominert 5 gongar til beste regi under Oscar-utdelinga før 2006 – heilt sidan Raging Bull i 1980. Då han endeleg vann prisen for The Departed var det mange som kalte det ein Oscar for livslang innsats, sjølv hadde Scorsese ei anna forklaring:
– Dette er den første filmen eg har laga som har eit plott!
Plottet var sterkt nok til å gi Boston-filmen fire Oscar-prisar, og kanskje filmen som verkeleg plasserte DiCaprio i Scorseses hender. Om han ikkje kunne vinne ein Oscar for denne – kva skal han då vinne for? (Kanskje svaret er The Wolf of Wall Street om halvanna månad.)
Anmelding: The Departed: – Har en stamtavle som gjør en filmnerd skjelven
Goodfellas / Mafiabrødre (1990)
Birger: ”Mafiabrødre” (1990) er basert på den sanne historien om Henry Hills vei opp og ned i New Jerseys mafiamiljø. Det er en film med glimrende miljøskildringer, gode rolleprestasjoner og brutale voldsscener. Men fremfor alt er det en sentimental kjærlighetserklæring til gamle dager, med en imponerende god tidskoloritt.
Filmen forteller den sanne historien om Henry Hill (Ray Liotta) som raskt stiger i gradene i det lokale mafiamiljøet. Han blir venner med den ustabile Tommy (Joe Pesci) og den allerede legendariske Jimmy Conway (Robert DeNiro).
Men tidene forandrer seg og etter hvert preges alle psykisk av det harde livet de lever. Mot slutten har mafialivet endret totalt karakter fra det romantiserte bildet vi får i begynnelsen av filmen.
Mafiabrødre sitt fremste fortrinn er Scorseses elegante miljøskildring, der livet i mafiafamiliene filmes fargerikt og levende.
Når man ser samholdet og lojaliteten mafiamedlemmene har for seg og sine, er det ikke vanskelig å forstå hvordan Hill kunne la seg lokke av denne kulturen. Men Martin Scorsese viker heller ikke av veien for å vise kriminalitetens stygge konsekvenser i flere voldsscener som er vanskelige å se på.
Les også: Topp 5: Gangsterfilmer
Taxi Driver (1976)
Andreas: Kva stod det i manus då Robert De Niro skulle gjennomføre det som kanskje er hans mest minneverdige filmreplikk for ettertida?
– You talkin’ to me?
Travis Bickle – taxisjåfør i New York, einsam sjel på veg nedover – har skaffa seg sitt første våpen, og eit oppheng til å halde den skjult i ermet. Han ser seg rundt i rommet etter nokon å truge, og i mangel på ei verd å knyte seg til finn han kun sitt eiget bilete i spegelen.
– Well I’m the only one here!
Dette var Scorseses første samarbeid med manusforfattar Paul Schrader – som etter kvart skulle føde filmar som Raging Bull, The Last Temptation of Christ. I manuset for spegelscena står det berre «Travis speaks to himself in the mirror».
I filmen vil Travis – ein Vietnam-veteran ute av stand til å sove – trekke våpenet mot avskummet han meiner har øydelagd byen hans – anten det skulle vere dei som har ført den i ulukka, eller dei som ikkje har hindra den i å falle.
Tematikken om USA som skadar seg sjølv, og deprimerte veteranar, var han òg inne på i ein av dei tidlege kortfilmane sine, The Big Shave. Saman med Robert De Niros improvisasjon skapte Scorsese ei scene som er lett å ty til kvar gong ein peppar seg opp til å møte verda framfor ein spegel. Kven kan med handa på hjartet seie at dei aldri har spurt seg sjølv:
– Who the fuck do you think you’re talking to?
I bunn og grunn er Taxi Driver kanskje ei slags misforstått superhelthistorie. Forteljingar om kjempande vigilantar med høge tankar om seg sjølv, utan kontakt med verda dei beskytter – som har sjølvgitt rett til det dei måtte ynskje, så lenge det fyller ein slags justis.
Hadde Bruce Wayne endt opp som Batman om han hadde starta som ein fattig taxisjåfør?
Les også: Topp 5: Oscar-skandaler: – På andreplass, «Rocky» over «Taxi Driver» i 1976