Oppdatert: Grace of Monaco vert opningsfilmen på årets Cannes-festival i mai – utanfor konkurransen, ifølgje Deadline.

Filmen Grace of Monaco om Grace Kelly, fyrstinna av Monaco, med Nicole Kidman i hovudrolla, er trekt frå kino – berre to månader før premiera. Årsaka er krangling mellom filmens regissør, Olivier Dahan (La vie en rose) og filmens amerikanske produsent, Harvey Weinstein, melder The Hollywood Reporter.

Opphavleg skulle filmen bli sleppt i november i fjor, men den vart flytta til 14. mars, angiveleg fordi den skulle bli ferdig i tide. No er den endå ein gong utsett, og denne gongen på ubestemt tid.

– Det er to versjonar av filmen for no: min, og hans som eg synest er katastrofalt, har Dahan uttalt til ei fransk avis.

Weinstein er rekna som ein av dei mektigaste enkeltpersonane i amerikansk filmbransje, THR skriv at han har gitt Dahan notater for korleis filmen burde klippast, men at han ikkje har noko direkte kreativ kontroll over Grace of Monaco – noko som skal ha ført til at Dahan ikkje vil levere filmen til distributøren.

Det er Scanbox som tek seg av filmen i dei nordiske landa, og dei er sjølv usikre på korleis utsetjinga vil påverke kinodistribusjonen her.

Les også: «Kon-Tiki»-regissørane skal lage Netflix-serie med Harvey Weinstein

Sjå den første traileren for Grace of Monaco frå september.

Weinstein kranglar med mange, men vert takka mest

Den koreanske regissøren Bong Joon-ho (The Host) har også ei høne og plukke med Weinstein. Hans komande Snowpiercer – ei sci-fi-forteljing sett til eit tog i ei snøfylt post-apokalypse, med blant anna Chris Evans og Tilda Swinton – vert også halden tilbake av distributøren.

Sjølv om regissørens versjon av filmen har gjort det bra i Sør-Korea og Frankrike, samt vunne ei rekkje prisar, vil ikkje Weinstein sleppe filmen på den amerikanske marknaden før regissøren godtek ein 20 minutt kortare versjon med fleire voiceovers (nesten som Blade Runner i si tid, utan samanlikning for øvrig).

Her kan det dog verke som om distributøren mildnar litt, Snowpiercer skal bli vist i si noverande form på Filmfestivalen i Berlin. Filmen har førebels inga sett premieredato i Noreg.

Les også: Slik vinner du en Oscar, ifølge Weinstein-agent

Grace of Monaco var rekna som ein Oscar-kandidat allereie tidleg i fjor, mykje på grunn av Weinsteins evne til å få filmar fram i lyset. The Weinstein Company har for tida fleire filmar i Oscar-nominasjonane, deriblant Philomena for beste film og beste kvinnelege hovudrolle, som det no er venta at han vil legge marknadskreftene sine bak.

Det ville ikkje vere første gongen han legg sjela si i arbeidet, og får ein Oscar-pris ut av det. Ifølgje Rebecca Rolfe, ein student ved Georgia Institute of Technology, er Weinstein den personen som er takka flest gongar i ein Oscar-tale.

13 gonger er han nemnd, noko som i antal omtalar plasserer han eit hakk over Gud, som har blitt nemnd 11 gongar i Oscar-talenes historie.