Det er mykje å like ved Lost in Space, Netflix si nyinnspeling av 60-talsserien med same namn. I utgangspunktet har den alle delane som trengs for å lage ein bra “sci-fi”-serie. Der er kule romfartøy, ein spennande ny planet å utforske, og ein utanomjordisk robot med mystisk bakgrunn. Diverre er den skrudd saman litt for laust til at heilskapen fungerer optimalt.

Den overordna historia er likevel ganske spennande. Romskipet The Resolute er på veg til jorda sin nye koloni ved stjernesystemet Alpha Centauri. Noko skjer på vegen som gjer at mange av familiane om bord må evakuere i sine personlege fartøy. På ein eller annan måte hamnar dei fleire tusen lysår unna målet, på ein planet som kan minne om vår eigen. Lufta kan pustast, og den har tilnærma lik gravitasjon, men planeten (som dei aldri namngjev) endar opp med å by på nokre heilt unike utfordringar.

ANMELDELSE: Jessica Jones S02 E01-05 – Er fremdeles Netflix sin sterkeste superheltserie.

Serien byrjar med ein uventa styrt på ein ukjent planet. (Foto: Netflix)
Overhengande fare

Som i den gamle serien fylgjer me hovudsakleg familien Robinson. Foreldra, John og Maureen, er høvesvis yrkesmilitær og romfartsingeniør. Dei har ei anstrengd fortid, men er saman på reisa for borna si skuld. Judy, Penny og Will er alle over snittet intelligente for alderen, og tilsynelatande godt trena for å vere med på oppdraget. Borna blir introdusert med distinkte personalitetar og eigenskapar, men utover i serien blir det tydeleg at det er utviklinga til Will det er lagt mest arbeid i.

Familien er i livsfare frå fyrste stund, då dei krasjlandar i ein lunefull isbre. Det varierte og svikefulle landskapet på planeten utset dei for ei rekkje prøvelsar der kvart familiemedlem må bidra på sin måte. Det er i slike tilfelle serien er på sitt beste.

Alle skodespelarane er sjarmerande og gjer forholdsvis greie prestasjonar, men det er Molly Parker (Deadwood, House of Cards) som får aller mest å gjere som Maureen. Ho er seriens “vitskapsperson”, og er soleis ekspert på alle mogleg ting som kan skje under romfart, nesten uansett fagfelt. Det er ein rollefigur som hadde vore heilt umogleg å svelga om ikkje Parker var so likande, og sjølv då er det vanskeleg.

I ein vri på det originale plottet møter dei roboten som skal bli deira medhjelpar nede på planeten. Den verkar å ha krasjlanda der samtidig som dei gjorde, og eit av dei største mysteria i sesongen er korleis dette heng saman. Roboten står òg for den mest direkte referansen til den gamle serien, då dei har latt han behalda det ikoniske faste uttrykket: “Danger, Will Robinson”.

Den mystiske planeten er eit av seriens sterkaste kort. (Foto: Netflix)
Ensembledramaet fungerer ikkje

Til breiare persongalleriet blir, til meir byrjar serien å halta. Mekanikaren Don West (Ignacio Serricchio) er eit svakt forsøk på motvillig antihelt og “comic relief”-type figur. Den enigmatiske “Dr. Smith” (Parker Posey) er meint som ein listig og kalkulerande antagonist med skumle hensikter, men planane hennar gjev sjeldan meining. Ho får alt for mykje skjermtid som berre består av å betrakta Robinsonane med eit illevarslande ansiktsuttrykk.

Det er mange fleire enn dei nemnde som har krasja på planeten, men fleirtalet blir so svakt skildra at dei er knapt verd å snakke om. Verst er det kanskje med Victor Dhar, spela av Raza Jaffrey. Han er kolonistanes sjølvvalde leiar, og meint å vere seriens andre antagonist – tilsynelatande berre fordi han er autoritær og Bbitisk. Ein kald og stofflaus romanse oppstår òg mellom son hans og Penny Robinson, men den har tilsvarande svak tilknyting til resten av forteljinga.

Det største problemet med serien er det at den har for mange bevegelege delar, utan gode nok idear om korleis skru dei saman. Rollelista er overfolka, sjølv innad i familen Robinson (sorry Penny). Tidsfristar som blir satt er nær meiningslause, då ting berre får lov til å skje når manus ynskjer det. Bruken av flashbacks er ofte overflødig, då plottlinjene dei skal fylle ut kjem og går på måfå. Det er mange artige replikkar, kjenslevare augeblink og spennande scener spreidd rundt om i serien, men det druknar i middelmåtig fyllstoff.

ANMELDELSE: Legion S02 Sesongpremiere – Mesterleg filmkunst som gjer at eg forelsker meg på nytt.

Utsikta er ofte spektakulær på denne unike planeten. (Foto: Netflix)
Ser bra ut, men flyt dårleg

Visuelt har serien det greitt på stell. Netflix har hyra inn eit bra koppel av regissørar, fleire med fartstid frå seriar som Game of Thrones, Hannibal og Jessica Jones. Action-sekvensane og kinematografien generelt vert opplevd som forseggjord på eit nivå ein skulle ynskje dramaet kunne halde. Eg er fan av kostymane og produksjonsdesignet, spesielt med tanke på romskip og dei ulike formene roboten tar. Alt er velbygd, og CGI er brukt med omhug slik at ein ikkje blir distrahert av ting som ser falske ut.

Flyten mellom episodane er diverre ikkje heilt til stades. Sidan dette er ein rein Netflix-produksjon har ikkje episodane måtta blitt tilpassa amerikanske sendeskjema, og dei varierer i lengde mellom 47 og 64 minutt. Denne strukturelle fridomen tatt i betraktning er det påfallande at nesten alle episodane kjennast for lange, og at handlinga ofte verkar å stoppe litt opp ved byrjinga av kvar episode. Det er som om serien ikkje vil at me skal fråtse i den slik me er vande med i dagens strøymekultur.

Alt i alt er det for mykje som skurrar til at eg klara nyta Lost in Space som heilskap. I løpet av nesten ti timar serie kjennast det som halvparten kunne vore hoppa over utan at det hadde minska kvaliteten til resten. Når serien endar med ein vanvitig cliffhanger kjenner eg lysten til å sjå kva dei finn på neste sesong, men veit samtidig at eg aldri hadde kome so langt om eg ikkje hadde oppdrag om å sjå heile sesongen. Det seier vel sitt.

Om SERIEN

Lost in Space
  • Lost in Space
  • Slippdato: 13.04.2018
  • Sesong: Sesong 1
  • Utgiver: Netflix
  • Serieskaper: Matt Sazama og Burk Sharpless
  • Sjanger: Eventyr, Sci-fi, TV-Serie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.