Sjå alt som skjedde på P3 Gull

Kvelertak på taket, ein naken Live Nelvik, fantastiske sceneshow og prisar til den beste norske musikken. Få med deg alt frå P3 Gull her!

Årets nykommar, årets låt, årets live og ikkje minst P3-prisen vart delt ut på fredagskvelden dedikert til god, norsk musikk. Her kan du sjå vinnarane, sceneshowet, reaksjonane – rett og slett alt frå P3 Gull.

Hør radiosendingen frå P3 Gull med Christine, Niklas og Ronny her!

 


Envys åpning av showet

 

Live oppsummerer årets som har gått

 

CLMD live

 

Emilie Nicolas live

 

Kvelertak på taket

 

Truls framførar «Out of Yourself»

 


Årets nykommar

Den beste nykommaren i år vart Cashmere Cat. I grunngjevinga til juryen står det blant anna:

Cashmere Cat er den mest spanande nykommaren i Norge i dag. Som DJ, musikar, låtskrivar og produsent har han allereie satt solide avtrykk i heile verda.

Les også: – Den mest spennende nykommeren her!

Cashmere Cat var ikkje til stades, men tok seg tida til å spela inn ein takketale. Sjå den her:

 

Hip hop-eliten samla

Det var den beste norske musikken som var i fokus på Sentrum Scene fredag kveld, og eliten av norsk hip hop ble sjølvsagt samla. Sjå Lars Vaular, Kaveh og Arif opptre her:

 

Kaizers Orchestra ble årets liveband

Vinnaren av prisen «Årets live» vart Kaizers Orchestra – eit av dei største og etter kvart mest rutinerte banda i landet. Etter ei tett folkeavstemning var det Kaizers som trona øverst, framfor blant andre Kvelertak og Karpe Diem. Prisen fekk dei frå sin største tyske fan – som lærte seg norsk på grunn av bandet. Se det her:

 

– Årets live er den kulaste prisen. Det er dette me driv mest med, og eg har stor respekt for dei andre som fokuserer på live-show. Og det er jo dei andre nominerte, sa Jan Ove Ottesen etter å ha fått prisen i hendene.

Les også: Heile saka om Kaizers Orchestra her!

 

Folket stemte frem årets beste låt

I kategorien «Årets låt» var det Røyksopp og Susanne Sundfør som vann. Med «Running To The Sea» sjarmerte dei folket, som stemte dei fram til sigeren.

Då «Running To The Sea» vart nominert til årets låt, sa juryen dette:

Når dei sterkaste kreftene i norsk musikkliv slår seg saman for Lydverket si siste TV-innspeling, blir det ikkje dynamitt, men snarare lyden av natur, ein varsam vind som vandrar over vidda.

Les også: Heile saka om Røyksopp og Susanne Sundfør her!

 

Den store P3-prisen

Den aller første P3-prisen gjekk til Karpe Diem – som og var nominert til Årets live. I grunngjevinga til juryen står blant anna:

Vinnarane av den aller første P3-prisen har tatt ein sjanger og opna den opp for eit heilt folk. På vegen dit har dei skapt nokre uhyre presise snapshots av ung verkelegheit.

Karpe Diem fekk prisen rett før dei skulle spela «Jens» framfor publikum på Sentrum Scene. Etter å ha vunne, spelt og samla seg litt var både Chirag og Magdi framleis forvirra og glade.

– Å vinna ga ein ekstra boost til showet. Eg måtte nesten halda tilbake litt energi, sa Magdi rett etter showet.

Les også: Meir om Karpe Diem og P3-prisen, og bli bedre kjend med Magdi og Chirag her!

 
Sjå Karpe fremføring av «Jens» her:

 

Karpe Diem fekk P3-prisen, og reagerte slik ein skal reagera – med jubel! (Foto: Mattis Folkestad)
Karpe Diem fekk P3-prisen, og reagerte slik ein skal reagera – med jubel! (Foto: Mattis Folkestad)

Meir fra P3 Gull:

 

  • Sjå P3 Gull-gjestene på den raude løparen!
  • Les spådommane til musikk-Norge før P3 Gull
  • Det er framleis slik at folk flest oppdagar ny musikk gjennom radio. Les kommentaren til Mats Borch Bugge her.
  • Kva bekymra Live Nelvik seg for før P3 Gull?
  • Sjå Tores Artistskole her!
  • Bli betre kjend med P3 Gull-artistane her.