nrk.no
Karpe - «Omar Sheriff»

Tøyer grensene

«Omar Sheriff» er eit heilskapleg og ambisiøst prosjekt, og Karpe har talentet til å gjennomføre det.

Vi var komne om lag midtvegs i januar då Karpe tok til Instagram for å hinte om deira neste prosjekt via ei rekke bilete av harddiskar med ulike motiv.

Denne veka følgde duoen opp ved å lansere ei nettside der ein videoloop viste av scener frå ein sci-fi-film med duoen i hovudrollene, ispeidd ny musikk. Såpass var publikumsresponsen at nettsida sleit med å handtere pågangen då den gjekk online.

Men for ein duo hvis kreative og ambisiøse piler peikar rett oppover, er det ikkje nok med berre eit artsy filmprosjekt. Sjølvsagt får ein eit tilhøyrande album på kjøpet!

Karpe på Karpe sine premiss

Duoen viste allereie teikn til ukonvensjonell tankegang då dei lanserte eittsporsalbumet «SAS Plus/SAS Pussy» i 2019. Med albumet (eller prosjektet) «Omar Sheriff» er vi for alvor på veg inn i noko eineståande i norsk målestokk.

For det som gjer «Omar Sheriff» mest interessant, er at duoen ikkje lenger gjer noko på andre sine premiss. Albumet er på ingen måte utilgjengeleg eller heva over lyttaren, men det det er heller ikkje noko poeng for Karpe å lage klassiske radiohits eller strukturere låtane etter nøye utarbeidde formlar.

Karpe iført kostyma frå videodelen av "Omar Sheriff". Dei står side ved side og ser i kamera mot raud-brun bakgrunn.
TOTALT PROSJEKT: «Omar Sheriff» er meir enn berre eit album. Her er duoen iført kostyma frå videodelen av prosjektet. Foto: Michael «Mike» Ray Vera Cruz Angeles (Akam1k3), promo.

Karpe går sine eigne vegar, men tematisk sett er det ikkje nødvendigvis så mykje som skil albumet frå annan musikk, eller deira eigen, for den saks skuld. Lyttaren vert teken med på turar innom tematikk som opphav, tilhøyrsel, ambisjonar og oppvekst, eller det klassiske rap-temaet å vere best.

Ein kan ikkje finne opp krutet på alle frontar, men ein kan finne nye måtar å pakke det inn på.

Allereie på opningssporet «Ibuprofen», leikar Chirag seg med språklege verkemiddel, og startar eit ras av kulturelle referansar og nikk som varer albumet ut. Er det nokon som skal referere til både Anders Grønneberg og Shilpa Shetty i same tekst, må det nesten vere Chirag.

I møtet mellom fleire kulturar i både språk og referansar, går nok mykje over hovudet på dei fleste, men det gir også albumet eit preg av at det alltid er noko nytt å oppdage eller sette pris på.

Legg opp til allsang på konsertar

«Omar Sheriff» står seg nok aller best som samanhengande totalprodukt (høyr heile plata frå start til slutt!) men som vanleg må også visse geniale enkeltspor trekkast fram.

Særleg mot slutten av albumet finn ein dei store musikalske høgdepunkta, eksempelvis i «Baraf/Fairuz» og «Kenya».   

Karpe på scena under Øyafestivalen i 2019. Magdi står på toppen av ei flytrapp framfor eit folkehav.
TAR ENDÅ NYE STEG: Etter eittsporsalbum og flytrapp på scena, har Karpe framleis meir å gi. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Førstnemnde ved at Jonas Benyoub er farleg nære å stele heile showet med eit nesten-aggressivt bidrag, som står i effektfull kontrast til den atmosfæriske og lågmælte produksjonen, før Magdi kjem inn frå sidelinja og stiller ei lang rekkje litt klandrande, litt bekymra spørsmål. Det er rett og slett nydeleg.

Avslutningssporet «Kenya», eit liksom-live opptak frå Mumbai, burde sikre allsang på alle Karpe-konsertar i mange år framover. Kanskje endå viktigare, viser den at Karpe framleis innehar den same positiviteten som sjarmerte oss då dei debuterte attende i 2004.

Musikalsk klassereise

Karpe har ikkje lenger noko dei må bevise som musikarar og rapparar, og er i ein posisjon der dei kan gjennomføre store konseptuelle prosjekt som tøyer grensene for kva ein raplåt er, og kva eit album eller rap-sjangeren er.

Eller kva dei sjølve er.

Joda, kven som helst kan eigentleg tøye desse grensene, men det er Karpe som har opparbeidd seg godviljen til at det må takast på alvor og vekker brei interesse. Ikkje minst har dei kreativiteten og talentet til å forsvare posisjonen.

Sjå også: Karpe på «Lindmo»

Om dei ikkje allereie er der, er «Omar Sheriff» eit stort steg i retning av å etablere Karpe som eit kompromisslaust fenomen. Denne musikalske klassereisa er det nesten ingen som klarer å ta, så skal ein i så måte gå hardt ut og kalle nokon for Noregs svar på Radiohead, er det ikkje poeng i å leite lenger. Det er Karpe.

Karpes syvende album «Omar Sheriff» ble sluppet 00:00 natt til 28. januar.

Oppdatering, 28/1 kl. 12.20: Saken er oppdatert med lenke til «Lindmo».

SJÅ OGSÅ:

LES FLEIRE ALBUMANMELDELSER:

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: