Ekkolodd - Det bruse forbi me

Ung melankoli

Unge urørt-finalistar undrar over dei store tinga i livet. Diverre finn dei ikkje svaret på debutalbumet.

Det er lett å tenkja at Ekkolodd, med merkelappen “undervannspop”, føyer seg inn i rekka av luftig, norsk pop med djup tilknyting til naturen og elementa rundt. Ein trend har forma seg, og musikarar vil bevega seg meir og meir ut av studioet for å fanga vinden, bølgene og den reine krafta frå naturen på platene sine.

Marius Asp synsa rundt temaet i sin anmeldelse av Atlanter, så nærare inn på temaet skal ikkje eg gå. Men eit av naturpop-banda som han ramsa opp, var Ekkolodd. (Det skal seiast at Ekkolodd sjølv kallar musikken sin for “drømmepop”, men sjangeren som dukka opp i iTunes var “undervannspop” – eit mykje flottare ord, i mi bok.)

Besøk Urørt sine nettsider: Urørt.no

Lytt gjerne til opningssporet “… og du ga avstanden navn” medan du les vidare:

 

Urørt-finalistane har no gitt ut debutalbumet sitt, trass i at dei ikkje gjekk av med sigeren tidlegare i år. Det bruse forbi me, som vert sluppen fredag 22. mars, tek med seg kvalitetane som førte Ekkolodd til Urørt-finalen vidare, med stemningsskapande trommer, skingrande gitarar og mild gudbrandsdalsdialekt.

Ekkolodd debuterer med Det bruse forbi me, med tung tematikk
Ekkolodd debuterer med Det bruse forbi me, med tung tematikk

Omgivelsane som truleg har forma musikken til Ekkolodd er og å spora i albumsform, men fjellufta klarar ikkje å trenga seg ut frå høgtalarane i så stor grad som ein skulle ønska. Det bruse forbi me slår meg som ei plate om og til naturen, framfor ei plate frå naturen. Diverre var kanskje sistnemnde målet.

Ei kjensle av opne sletter, delvis isdekte bekkar og tryggleiken i ein varm gensar er likevel til stades gjennom heile albumet. Om ein til dømes er å finna på eit Widerøe-fly frå vest til aust medan ein høyrer låter som “Hedvig”, urørt-låta “Perler” og “… og du ga avstanden navn” blir stemninga i øyrene rett så triveleg.

Les meir om Ekkolodd på p3.no/musikk.

Ekkolod spelar musikken sin med ein slags melankoli som det ikkje er meininga at så unge folk skal kjenna på – melankoli eg sjølv er mange år unda å verkeleg forstå, men som eg kjenner at når eg høyrer det. At tematikken er vaksen seier og bandet sjølv, som trekk fram både livsangst, framandgjering og døden som tema i musikken. Inspirasjonskjeldene er og handplukka i det angstfylte landskapet, med namn som Sigbjørn Obstfelder og Radiohead på lista.

Likevel kjem ikkje gudbrandsdølene stort lenger enn til denne vage kjensla av bygde-Noreg på detutalbumet sitt. Enkeltlåtene er ikkje sterke nok, og heilheiten virkar mest som behageleg bakgrunnslyd, framfor eit møte med norsk natur gjennom stereoen.

Det er ikkje det at Ekkolodd treng å veksa. Dei er vaksne nok til å føla seg utilpass i dei angstfylte skjortene sine, som klør aller mest bak på ryggen der du ikkje når. Dei manglar berre den unike evna til å formidla denne angsten i musikken, og å få eit meir unikt drag over låtene sine. Med det sagt, ser eg fram til andreplata.

Anders Veberg

Sjå Ekkolodd spela “Enveisglass” og leika seg i fjæra: