Anmeldinga er basert på dei to første episodane.

2013 vert spennande for TV-seriesjåarar, og Netflix hopper tidleg uti med båe beina. Med sin første heileksklusive serie vil dei rokke litt ved TV-verda, deriblant ved å leggje ut heile sesongen på ein gong den 1. februar.

Eg innrømmer gjerne at eg er svak for politisk spel, og manipulative meisterhjerner. Men då skal dei sanneleg vere godt skrive òg. Dette klarer House of Cards ypparleg.

Med Kevin Spacey i sentrum, David Fincher på regi, og manusforfattarar i verdsklasse, har serien foreløbig heva og sett lista for serieåret 2013.

Les også: – Den beste måten å se TV på, sier Kate Mara.

Kynisk innpiskar

House of Cards sin første episode startar i desse dagar, på ein nyttårsfest i 2013 før Inauguration Day – dagen då presidenten vert teken i eid etter valet.

Francis Underwood (Kevin Spacey), ein kynisk innpiskar i kongressen, har hjelpt ein karismatisk TV-flink presidentkandidat til siger og ventar seg utanriksministerstillinga til gjengjeld. Den får han ikkje.

Arbeidet hans på Capitol Hill vert dermed noko litt anna. Underwood og hans apparat tek sikte på å senke den sitjande makta med politisk spel i beste Machiavellianske stil. Han vert senter i ei stor maktkabal, som forsøker å behandle landets mektigaste som sjakkbrikker.

Les også: I 2013 må du se opp for denne gjengen

(Artikkelen held fram under bileta.)

House of Cards. (Foto: Netflix)
Handlingane mellom journalisten Zoe og poltikaren Francis er sentrale i starten av sesongen. (Foto: Netflix)

Britisk opphav

Aller helst – iallfall kunstnarisk sett – ville nok Netflix og David Fincher ha ynskt at USA hadde fått ein ny president i år. Den opphavlege serien kom idet Margaret Thatcher gjekk av som britisk statsminister, noko som gav ein ekstra dimensjon til forteljinga som først dukka opp i 1990.

I den britiske originalen heitte hovudpersonen Francis Urquhart, og vart syrleg spelt av Ian Richardson, som hovudsakleg vart kjend for eit utspekulert men herleg politisk vagt sitat:

– You might very well think that; I couldn’t possibly comment.

I Storbritannia har setninga blitt litt som vårt norske «bob-bob, ikke sant?», ein replikk som lev vidare i språket lenge etter seriens slutt.

Fantastisk Spacey

Kevin Spacey følgjer i same ånd, men med ei herleg sørstatsdialekt. Punktleg, syrleg, og med fullstendig kontroll over omgivnadene. Å få fram så mykje kjensler med eit så kaldt ansikt er ei fantastisk styrke.

Kevin Spaceys harde blikk. (Foto: Netflix)
Spaceys kalde blikk. (Foto: Netflix)

Velartikulert speler han seg ikkje berre gjennom den verkelege verda, men òg direkte til oss. Med jamne mellomrom bryt han ut av handlinga, ser direkte i kamera, og sjarmerer oss med den same sylvtunga som han driv Washington med.

Eit herleg grep som kan verke uvant, men som alt frå første scene gir ekstra tyngde til Underwood sine handlingar.

Folk som er allergiske mot såkalla Sorkinisms – replikkar som er så skarpe at folk i den verkelege verda eigentleg ikkje burde klare å seie dei – kan kanskje reagere sameleis her. På eit tidspunkt omtalar han kona si på følgjande vis:

– Eg elskar ho som haiar elskar blod.

Ifølgje Netflix sjølv er den største likskapen mellom opphavet og den nye serien i første episode, før amerikanarane så går vekk frå den opptrakka stien. Om du kan sjå den britiske utan fare for spoilers skal eg derimot ikkje garantere.

Les også: Netflix: Arrested Development tilbake i mai

Mørkt og dystert

Manusforfattar Beau Willimon held fram i same stil som har gjorde med fjorårets Maktens menn. House of cards penser litt innpå same feltet – det ekstreme arbeidet for å dysse ned og løfte opp rykte og hendingar for å fremje si eiga sak.

Eg skal ikkje ein gong forsøke å begi meg ut på introduksjonar av alle karakterane. Basert på karakterrikdommen i dei to første episodane har eg neppe sett alle enno, og basert på Willimons tidlegare arbeid har nok absolutt alle har ein agenda, sjølv om dei kanskje ikkje er like openbare i starten.

I dei to første episodane byggjer Underwood opp eit spel som er imponerande, og i Finchers regi vert det heile framsynt i eit kaldt og mørkt Washington som speglar Underwoods sinn. Fincher kan dette med å trekke fram éin person og byggje verda rundt den. Ei scene der Underwood avleverer slutten av replikken sin med ansiktet i totalt mørkre gav meg frysningar.

Djupe basstonar vert nytta for å underbyggje stemninga når Underwood set i gang. Lat oss berre håpe at historia vert like sterk både audielt og visuelt sett når andre regissørar enn Fincher tek over stolen.

Anmelding: Andre sesong av American Horror Story byr på blod, gørr og grøss!

(Artikkelen held fram under bileta.)

House of Cards. (Foto: Netflix)
Spacey som sosial kameleon – her med den minst like maktsultne kona Claire (Robin Wright). (Foto: Netflix)

Når korthuset fell

Eg kan av naturlege årsaker ikkje konkludere om heile sesongen basert på det eg har sett. Men oppbygginga legg opp til store maktintrigar og eit spel ikkje heilt ulikt det ein allereie har sett i Kelsey Grammer-serien Boss.

Og eg elskar det. Eg gler meg til å sjå når seriens metaforiske korthus til slutt kjem til å falle.

Noko av det mest interessante er korleis sjåarane takler det å kunne sjå ein heil sesong av noko heilt nytt samtidig. Vil spenningsbyggjinga frå veke til veke fungere på same vis når alt kjem samtidig? Vil lunsjdiskusjonane i kantina dele folk inn i kor mange episodar dei har orka å sjå samtidig?

Vel, det gjenstår å sjå. Foreløbig kan eg berre anbefale House of Cards på det varmaste, dette er ein maktdemonstrasjon frå Netflix.

Anmeldinga er basert på dei to første episodane. House of Cards kjem eksklusivt til alle Netflix-regionane – òg Noreg – den 1. februar.

Oppdatert, 13. februar: House of Cards vil etter kvart kome i «fysisk form» (DVD) til heimemarknaden etter kvart (ingen dato satt), og er innkjøpstilgjengeleg for TV-kanaler stader der Netflix ikkje er – til dømes store deler av Europa.

Om SERIEN

  • Slippdato: 1. februar 2013
  • Sesong: to episoder av S01
  • Regi: David Fincher (m.fl.)
  • Utgiver: Netflix
  • Sjanger: Drama, TV-Serie

  • Du sa det så bra etter visningen Andreas: «Dette er porno for folk som oss» 😀

    Nå ser jeg bare frem til å kunne se hele serien. Har konsumert originalen de siste par dagene – lurer på om den går i samme retning eller ei.

    • Ja, det var litt i dobbel betydning meg både for statsvitskapsstudenten og serieelskaren i meg 🙂

      Er òg spent på britisk vs. amerikansk. Eg trur at nokre dødsfall er uunngåelege, men samtidig er det nokre store hendingar som er i den britiske serien som ikkje er i bøkene (som eg rett nok ikkje har lest).

    • Jeg har så absolutt ikke lyst til å se originalen. Ødela The Killing for meg. Merket at jeg var utrolig negativ mot Shameless (som jeg synes amerikanske utgaven overgikk originalen). 

      Det blir garantert kylling eller ribs når jeg setter meg ned den fredagen å prøver å få med meg mest mulig episoder av House of Cards etter de to første. 

  • Har savnet Kaiser Spacey! <3 Så han igjen for kort tid siden i horrible bosses og ble minnet på hvorfor han er så konge. Gleder meg!

    • Eg var ikkje glad i Horrible Bosses sånn på det jamne, men samd i at Spacey er den filmens sterkaste kort.

    • Arn_Thor

      han imponerte også i Margin Call

  • Ligger ikke på norske Netflix.. 🙁

    • Anmeldinga er basert på dei to første episodane. House of Cards kjem eksklusivt til Netflix den 1. februar.

    • Eg utvida setninga som @facebook-572575324:disqus siterte under. Ja, den kjem til alle stader der Netflix er tilgjengeleg den 1. februar.

  • Ser lovande ut, men prøv og the Newsroom. Har m.a. den beste sesongstarten eg har sett på slike seriar:

    Fyren fekk seg sjølvsagt ein lien «ferie» etter dette…

    • The Newsroom er en av de bedre seriene jeg har sett på lengre tid. Anbefales varmt til alle og enhver.

    • Opsvik har allerede anmeldt sesong 1. http://p3.no/filmpolitiet/2012/09/the-newsroom-s01/

    • Ut fra de to første episodene vil jeg si House of Cards er i en helt annen liga enn The Newsroom (sistnevnte ble for meg en stor skuffelse dessverre. Gledet meg stort til den, men endte opp med en trangsynt serie mer ment som valgkampbidrag enn god drama. Men håper jo på en bedre 2. sesong, gir den ikke opp helt enda). 

      • Stemmer i med det du seier, Vidar. Eg var ikkje like imponert over The Newsroom som House of Cards, sjølv om dei har ein del til felles: folk som er urealistisk kjappe i replikken, og maktforhold mellom journalistar og andre. Mitt sterke terningkast 4 (takk for at du lenka,  @twitter-14109163:disqus ) står seg framleis for min del.

  • Hvordan fikk du sett serien så lang tid før premieren? Det er jo ikke helt vanlig, selv for anmeldere.

    • I dette tilfellet var det ei visning som Netflix arrangerte. Tidleg ute, absolutt.

  • Digger å kunne se flere episoder på rappen!  Dette er veldig, veldig bra!

  • SureK

    Er det den «vonde tvillingbroren», som at den smaker vondt, eller er det den «onde tvillingbroren», som at den innehar større grad av ondskap?

    • Du skriv «ondskap», eg skriv «vondskap». Du skriv «ond», eg skriv «vond». 

      Det er ein djevelsk, vondskapsfull tvillingbror eg siktar til. Eg trur ikkje eg skal begi meg ut på å fabulere om korvidt Kevin Spacey & Co. smakar godt eller ikkje 😉

      • Ahleen

        «Vond» (som i «ond») trur eg er dét ordet som bokmålsbrukarar kjenner dårlegast av alle nynorskord. Saman med «de» (som i «dere»).

        Gler meg til å sjå denne!

        • Slikt skjer. Eg har ei veninne som trudde «førebels» var eit lite, hårete dyr. Ein får berre halde fram med opplæringa!

          • TorPeder

            eller bare kutte ut?

        • ..

        • Arild11

          Hva bruker dere for bokmåls-«vond», da?

          • «Vond» 🙂

            Det har litt fleire definisjonar på nynorsk, men er ellers omtrent det same ordet som i bokmål.

  • Var fjorårets nedtur da Boss ble kansellert etter to sesonger, men her kan det jo virke som det kommer en fullgod erstatning.

    • Vel, jeg som har sett alt av Boss med en bismak i munnen og har sett de to første episodene av House of Cards (med Andreas og Vidar her), synes jeg  House of Cards er best. Ikke bare best, men House of Cards US får Boss til å virke som en amatør-produksjon. Birollene i Boss var så svake at jeg nesten spolte over de fleste. I House of Cards US er birollene gode, og alt ellers på topp.  

  • Hmm, en kopi av den britiske mesterlige serien med samme navn, basert på bøker av Michael Dobbs.
    Se originalen og oppfølgerne ‘To Play the King’ og ‘The Final Cut’, de er garantert bedre…
    Jeg fikk et noe annet syn på britisk politikk etter disse seriene 🙂

    Kombiner gjerne med Yes, Minister! or Yes Prime Minister! så er troen på demokratiet helt borte 😉

    http://www.imdb.com/title/tt0098825/

    •  Den amerikanske har bedre regi, bedre skuespill (med unntak av Susannah Harker), bedre manus, bedre dialog og jevnt over bedre produksjon. Den er også både dystrere samtidig som den er mer morsom. Så om den fortsetter slik resten av sesongen vil jeg våge å hevde vi her har et sjeldent tilfelle hvor den amerikanske versjonen overgår originalen. Blir spennende å se 🙂

      (Hva gjelder tidenes beste komiserie Yes, Minister så tror jeg aldri vi får noe som er like bra. Men sjekk gjerne ut Parks And Recreation som jeg tror kommer til å falle i smak (svak første sesong, men hold ut – den blir massivt bedre) 🙂

      • Quack_Practice

        Du bør sjekke ut Rik Mayall i The New Statesman, en politisk komedie som ligger et sted mellom Blackadder, Yes Minister og House of Cards. Den knuser i alle fall Yes Minister ned i støvlene. Serien er rimelig datert nå, men om du kjenner til britisk politikk og samfunnsliv på 80-tallet, så vil den nok falle i smak

      • Arild11

        Thick of it? 

  • jeg skjønner ingenting av denne anmeldelsen. men jeg registrerer «kevin spacy», «david fincher» og «terningkast 6», så dette er noe jeg må følge med på.

  • VolvoV40ss

    blir den bare tilgjengelig på Netflix? Ingen Tv kanaler?

    • Førebels er den kun på Netflix, ja. Men det kan vel vere at dei sel den til TV-kanalar etter kvart.

  • mellom anna veit eg ikkje ka eg skal sei på denne forkvakla språkrøyrsla

  • Stjerne i boka for å skrive norsk, men noen tips: titulær betyr «som har tittelen, men ikkje det embetet som tittelen er knytt til». «Konkludere heile sesongen»; her mangler det for eksempel et «som» eller «når det gjelder», » kongressen sin kyniske innpiskar», nei, ikke kongressen sin, men ett av partienes innpisker i kongressen. Trolig presidentens parti og det er vel noe av det politiske poenget vil jeg tro? «fokusere fram éin person»; man kan fokuser på eller trekke fram.

    • Einar2

      Må være herlig å få stilen sin rettet så grundig!

  • Elsker den orginale House of Cards, og har gledet meg til dette lenge! Dette blir gøy!

  • Tomma1

    fatter ikke at folk kan ha så ulik smak, eller forskjellige øyne vi ser med. For meg er dette en middels god serie som burde het Going Nowere! Ser ikke folk kalkunen i rommet, Spacey sin henvendelse til den fjerde veggen ligger jo godt opp mot humor og parodi- Ta et skritt tilbake og se denne serien 10-15 år fram i tid er den allerede veldig typisk 2000-talls.
    Uten en drivende god historie, ingen gode hooks ingen cliffhangere, man føler ikke noe står på spill i det hele tatt, for hver enkelt historie i simpelthen ikke interessant nok. Vær litt varsom med å bli på denne massesuggesjonen denne serien nå opplever. Spar på kruttet spar på femmeren og se noen episoder først. 

    • FrankOttoOlsen

      Sett hele – og det ligger en grei cliffhanger på sesongavslutningen. Nå er det rett som du sier, vi har forskjellig smak og ser med forskjellige øyne. Selv så synes jeg spenningen ligger i alle intrigene, og egentlig mørkheten i serien. Det er ingen happy ending i dette, da selv de mest sympatiske av karakterene har betydelige karakterfeil. Dybden, og bredden i karakterene, der er jeg enig med den opprinnelige anmeldelsen, selv etter å ha sett alt. Presidenten blir noe lett, men aner at dette er gjort med overlegg, bare for å ettertrykkelig hamre inn at politikken foregår andre steder enn i det ovale kontoret.

      Lot meg ikke dra med i noen massesuggesjon, og har ikke lest noen anmeldelser før nå ETTER at jeg har sett alt. Og synes karakterene rundt om kring faktisk er fortjent. Eneste som irriterer meg med serien, er at alt legges ut på én gang – og jeg nå må vente ulidelig lenge før jeg får vite hva som skjer videre… 

      Men smaken er som baken. 😉

  • Har fått svar frå Netflix no: House of Cards vil etter kvart kome i «fysisk form» (DVD) til heimemarknaden (ingen dato satt), og er innkjøpstilgjengeleg for TV-kanaler stader der Netflix ikkje er – til dømes store deler av Europa – etter kvart.

  • Heidi Fredriksen

    Vanvittig spennende serie!! Gleder meg til sesong 2!

  • Ola Tøstie

    Etter å ha sett 9 episoder av sesong to er jeg fortsatt like forundret over den nesegruse dyrkingen av dette produktet som man kan se her og andre steder.
    Visst er det godt laget, spennende hovedintrige, mye gørr og fæle personer, men jeg lurer jo mer enn litt på hva serieskaperne egentlig vil med denne serien. Bortsett fra å tjene gromt mye penger, da.
    Vi møter to psykopatiske hovedpersoner som av en eller annen merkelig grunn har vært gift med hverandre i mange år. Vi ser dem manipulere andre personer til egen fordel. Vi ser at de er ganske klisjeaktig framstilt og spilt uten særlig troverdighet.
    Sideintriger i serien virker mest å være der for å fylle opp slik at men kan tvære dette ut over flest mulig episoder og sesonger.
    Nå er det kanskje drøyt å forlange realisme av tv-serier, men om man ønsker å si noe om politikk og politikere burde det kanskje vært bedre å skape personer og handling som med noen grad av rimelighet kunne oppleves som sannsynlige?
    En lengter etter tv-serier skapt for å si noe vesentlig om fenomener i vår samtid. Her strekker denne serien ikke til, den sier jo ikke noe om vår samtid, og den ser ikke ut til å bry seg om det heller.
    Om en vil se serier som prøver å si noe vesentlig om viktige sider ved vårt samfunn, er det bedre å se for eksempel de første sesongene av The Good Wife, The Mentalist, eller Longmire.