«Ein drøss nye spel er på veg» var bodskapet i dagens direktesending av den japanske spelgiganten Nintendo sin nett-tv-serie, Nintendo Direct. Noko Wii U strengt talt treng, ettersom den ikkje har så mange utgivingar sidan lanseringa for knappe to månader sidan.

Blant nyvinningane er tre Mario-spel og eit splitter nytt Zelda-spel.

Presentasjon av dei to nye Zelda-spela

Zelda-sjef Eiji Aonuma annonserte at dei vil finne opp Zelda-formelen på nytt. I bakgrunnen viste dei ein plakat med kva tema Zelda-utviklarteamet ville endre på. Plakaten viste punkt som tok for seg lineariteten i spela, samt at det stort sett har vore éinspelarspel.

– Me vil setje desse konvensjonane til sides, gå tilbake til teiknebrettet, og lage eit nyfødt Zelda-spel der nye fans kan nyte essensen i spelserien, sa Anouma.

Då er det kanskje grunn for å vente på eit opent Zelda-spel med utvida fleirspelermogelegheiter?

Om det vert meir som firespelarmodusen i Four Swords, som hjelpemodusen i Wind Waker eller noko heilt anna vart det ikkje sagt noko om – ei heller noko om når det namnelause spelet skal dukke opp.

Les også: Slik er Wii U

Noko nytt, noko kjent og kjært

For å bøte på tida det vil ta før dette nye spelet dukker opp vil Nintendo gjenskape det flotte Wind Waker-spelet i HD, slik at nye fans (og gamle fans) skal kunne spele det i ein oppdatert versjon.

– Me planlegg å sleppe det i haust, seier Saturo Iwata i videoen.

Tanken er visst at det skal utvidast med nye funksjonar for Wii U, samt at heile Wind Waker skal kunne spelast utelukkande på Gamepaden – om ein vil.

Ved sidan av Zelda-nytt meldte Nintendo-sjef Iwata frå om ei rekkje nye spel til Wii U, deriblant eit nytt Yoshi-spel frå utviklarane bak Kirbys Epic Yarn, ein crossover mellom Shin Megami Tensei og Fire Emblem, det som kan sjå ut som eit nytt Xenogears-spel frå utviklaren Monolith, samt Wii Party som fokuserar på samspeling.

I tillegg kjem etterlengta Virtual Console – der ein kan laste ned og spele spel frå tidlegare generasjonar – til Wii U i løpet av våren.

Årets E3 ser ut til å bli staden å følgje med på for Nintendo-fans, der skal dei vise fram både eit nytt tredimensjonalt Mario-spel, eit nytt Smash Bros og Mario Kart Wii U.

I tillegg kom ein liten drøss nye trailerar, nokre oppdateringsnyheiter (for raskere menysystem), samt ein flott trailer for The Wonderful 101 som eg må seie ser veldig lovande ut.

Sjå heile Nintendo Direct-sendinga her:

Satser Nintendo for mykje på sine kjende og kjære merkevarer? Kva trur du om fleirspelar-Zelda?