Empire Awards er det britiske filmbladet Empire Magazine sin eigen filmpris, stemt fram av bladets lesarar. I gårsdagens utdeling, den 18. i rekkja, var det premieringa av 2012s beste filmar som stod for tur.

I kamp mot Operasjon Argo, Skyfall, The Raid og Zero Dark Thirty gjekk Hodejegerne sigrande ut av kategorien. For regissør Morten Tyldum var det nok størst å vinne til fordel for ein James Bond-film, på James Bonds britiske heimebane.

– Fullstendig uverkeleg, seier filmens produsent Marianne Gray til magasinet.

– Dette er ein milepåle i norsk filmhistorie. Når lesarane av verdas største filmmagasin stemmer fram Hodejegerne i den konkurransen, det er heilt utruleg. Då betyr det noko, seier Asle Vatn til VG.

Spesielt ei scene fann vegen til vertens hjarte. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)
Spesielt ei scene fann vegen til Empire-vertens hjarte. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)

Les også: Morten Tyldum lager film om britisk krigshelt

Toaletthumor

Spesielt ei gjenkjenneleg scene frå filmen fekk merksemd av verten – den irske komikaren Ed Byrne.

– Akkurat no angrar Sam Mendes sterkt på at han ikkje fekk James Bond til å gøyme seg i ein dass, sa han og refererte til scena der hovudpersonen nyttar ein dorull som snorkel då han skjuler seg i botnen av ein utedo.

Filmen fekk internasjonal lansering i fjor, men hadde kinopremiere i Noreg alt i 2011. Birger Vestmo meinte då at det var ein gnistrande god norsk thriller.

Kva synest du om Hodejegerne? Legg att ein kommentar under vår anmelding av filmen: