Det går kjapt føre seg for Tommy Wirkola for tida. Har han ikkje før fått starta prosessen med ein oppfølgjar til Hansel & Grete: Witch Hunters, så har det same produksjonsselskapet – med Will Ferrell i spissen – bestilt ein pilotepisode av ein amerikansk versjon av Hellfjord.

I den norske versjonen for NRK frå Tappeluft Productions spelte Zahid Ali ein politimann som vart sendt til den bisarre bygda Hellfjord i Nord-Noreg då han kjem til skade for å skyte politihesten sin på 17. mai.

Kvar den amerikanske versjonen skal spelast inn vil ikkje Tappeluft-produsent Kjetil Omberg ut med, i eit intervju med Comoyo Filter.

Zahid Ali fortel Filmbonanza om serien «Hellfjord»

– Om det vert ein fiskeby eller hillbillyland, veit me ikkje enno. Eller, me veit ein del – men kan ikkje seie så mykje.

Dermed er det vel ikkje heilt utenkjeleg om tittelen Hellfjord vert endra òg.

Omberg uttaler at innteninga på Hansel & Gretel-filmen, samt den gode tilbakemeldinga på Fantastic Fest, nok hjalp mykje på avtala.

Les også: Hellfjord får god tilbakemelding i USA

Nye skodespelarar, same manusforfattarar

Ifølgje Deadline er dei i samtalar med nye skodespelarar, men manusforfattarane er dei same – Wirkola, Stig Frode Henriksen, og Zahid Ali.

Først skal ein pilotepisode lagast, og ut frå den bestemmer Showtime seg korvidt dei ynskjer å lage meir av serien. Ifølgje Omberg er det snakk om to sesongar, i den norske versjonen er det foreløpig ikkje tenkt meir enn éin sesong.

Kanalen Showtime sender humorserier som Weeds og Californication. Produksjonsselskapet Gary Sanchez er det same som står bak mellom anna serien Eastbound & Down, nettstaden Funny or Die og den komande Anchorman-oppfølgjaren.

Kva synest du om Hellfjord? Legg att ein kommentar under denne videoen frå Gryllefjord – staden der Hellfjord vart innspelt.