Me får den første kikken på Microsofts nestegenerasjons spelkonsoll den 21. mai. Datoen «vil markere ein ny generasjon for spel, TV og underhaldning», skriv selskapet i invitasjonar og pressemeldingar.

Etter at Wii U lanserte si maskin i november i fjor, og Sony viste fram sin Playstation 4 i februar har presset vore stort på Microsoft. No er altså datoen bekrefta, under fanen #XboxReveal.

Underholdningssjef hos Microsoft, Don Mattrick, forteller om SmartGlass under pressekonferansen til selskapet på E3-messa i 2012. (Foto: Kevork Djansezian/Getty Images/AFP)
Kva vil underholdningssjef hos Microsoft, Don Mattrick, vise i år? (Foto: Kevork Djansezian/Getty Images/AFP)

Teknologibloggaren Paul Thurrot, som var av dei som først meldte om 21. mai, har sagt på videopodcasten What the Tech at maskina kjem til å ha ulike abonnementsmodellar, og difor òg variabel pris utfrå kva modell ein velgjer – frå 1700-2800 kroner. Større fokus på maskina som underhaldningssenter er òg venta.

Les også: Er dette den nye Xbox-konsollen?

Mange rykter

Eit av dei mest brennande spørsmåla Microsoft vert nøydd til å svare på er korvidt maskina vil vere påkrevd å vere på nett for å kunne spele, eller om den vil vere i stand til å spele vidaresolgte spel – to saker som har vore mykje diskutert dei siste månadane.

Microsoft vil vise den for første gong til invitert presse, samt på Xbox.com og Xbox Live den 21. mai, klokka 19.00 norsk tid.

På E3-messa tre veker etterpå skal dei snakke meir om maskina – og ikkje minst kva spel me kan vente oss – som mest sannsynleg vil kome for sal mot slutten av året.

Kva må Xbox vise fram for at den skal vere interessant?