Me har venta lenge på Owlboy, plattformspelet frå det norske D-Pad Studios. Etter å ha blitt vist fram på blant anna International Game Conference i 2010 var det i utgangspunktet tiltenkt lansering i 2011, men det bergensbaserte spelselskapet har teke tida til nytte og arbeider framleis på spelet.

  • 2013s PAX 10-spel
  • Avalanche 2: Super Avalanche (Windows PC)
  • Badland (iOS)
  • Escape Goat 2 (Windows PC)
  • Gunpoint (Windows PC)
  • Lovers in a Dangerous Spacetime (Windows PC, Mac)
  • Owlboy (Windows PC)
  • Ridiculous Fishing (iOS)
  • Rogue Legacy (Windows PC)
  • Sokobond (Windows PC, Mac, Linux)
  • TowerFall (Windows PC, Ouya)

No er spelet henta fram som eit av spelmessa PAX Primes mest lovande, til lista PAX 10 (via Polygon). Blant dei tidlegare spela som har hatt same ære finn ein blant anna Super Meat Boy, Fez og Machinarium. Premien for å vere bland dei utvalde er blant anna gratis plass på det gigantiske messeområdet.

Owlboy handlar om Otus, den siste av ei rase uglemennesker, som søkjer å finne arven etter sitt folk. Det heile er utført i ein visuell og auditiv stil som etteraper 16-bitstida, men med plass til moderne animasjonskraft.

Les også: D-Pad i 2011: – 2D-grafikk som kunststil er langt ifra død

Fleire norske på PAX

Blant andre norske selskap på PAX Prime i år finn ein blant anna Rain Games. Deira plattformspel Teslagrad, som har blitt annonsert for både Playstation 3, Wii U og etter kvart Linux – i tillegg til PC og Mac – skal òg visast fram blant hundrevis av andre spel i Seattle frå 30. august til 2. september.

Det er lovande tider for norske spelselskap, med fleire spennande prosjekt på veg i nær framtid. Anerkjenning i PAX 10 er ein veldig god hjelp for Owlboy, som diverre framleis står med ukjend lanseringsdato.

Les også: Norske «Among the Sleep» nådde Kickstarter-målet

Kva trur du om Owlboy og Teslagrad? Legg att ein kommentar under desse stemningsvideoane for spela.