Like etter første episode av den etterlengta Joss Whedon-serien Agents of S.H.I.E.L.D. – om agentbyrået bak td. Iron Man – hadde gått på ABC i USA (nei, den har framleis inga planlagd visning på norsk TV – vi har ringt rundt), la Warner Bros og Fox fram planane om sin serie sett i Batman-universet, melder blant anna Deadline.

Gotham skal sentrere rundt ein ung Jim Gordon – i Nolans Batman-filmar spela av Gary Oldman – som forsøker å løyse kriminalitet i Batmans heimby. Dette vert dog lenge før Batman dukkar opp, den kappekledde helten skal etter planane ikkje vere ein del av serien – men fleire av hans skurkemotstandarar vil dukke opp.

Det er The Mentalist-skapar Bruno Heller som skal lage serien for Fox – som allereie har bestilt éin sesong før det i heile teke er blitt laga ein pilotepisode. Det kan vere ein indikasjon på at Warner Bros har stor tru på prosjektet, men òg at dei føler dei – framleis – er eit steg bak Marvel når det gjeld bygging av universa sine for film og TV. Det er hittil ikkje gitt noko indikasjon på kven som skal spele i serien.

Gary Oldman skal ikkje spele Jim Gordon denne gongen. (Foto: SF Norge)
Gary Oldman skal ikkje spele Jim Gordon denne gongen. (Foto: SF Norge)

Les også: Ben Affleck skal spele Batman

Mange teikneserie-til-TV-prosjekt

Fox har samtidig starta TV-serie-adapsjonar av Alan Moore-teikneseria League of Extraordinary Gentlemen – sikkert til stor irritasjon for Moore sjølv. Unthinkable – serien om ein forfattar hyra inn av FBI til å tenkje ut dei mest fælslege, utenkjelege terroristhendingane som kan planleggjast, slik at landet kan vere førebudd på det verste – har òg fått ei pilotbestilling.

WB har allereie Green Arrow-serien (Grønne Pil) Arrow på kanalen CW, og ein planlagd spin-off om The Flash (Lynet) i emning, og var òg tidleg ute med Supermann-serien Smallville. Wonder Woman-serien som nesten vart ein realitet for nokre år sidan er igjen sett på pause.

Apropos Smallville, kva om Batman dukkar opp i Gotham likevel – og hindrar kriminelle handlingar iført finlandshette? Nei, uff, eg skal ikkje gi WB for gode idear heller.

Der Marvel ser ut til å ynskje å ha dei fleste TV/film-hendingane sine sett i eitt univers, tyder dei mange ulike DC/Warner Bros-prosjekta på at det ikkje er heilt den same heilskaplege tanken der. Ingen av dei er nødvendigvis meir rett enn den andre, men Marvel sin verkar til no mest gjennomtenkt (og vær så snill, nokon i Noreg, bla opp pengane for å kjøpe Agents of S.H.I.E.L.D., kom igjen då!).

Om du saknar Batman med Batman, så vert du kanskje glad for at Beware the Batman dukka opp på (amerikanske) Cartoon Network i juli. Det er òg ein del fullstendig ålreite, relativt nye animasjonsfilmar basert på teikneseriane, til dømes Dark Knight Returns.

Batman utan Batman – kva trur du? Kven bør spele hovudrolla som Gordon? Legg att ein kommentar under traileren for Beware the Batman.