Etter at det vart kjend at Superman vs. Batman skulle følgje opp årets Man of Steel har mange lurt på kven som skulle spele Batman mot Henry Cavills Supermann.

No har sjølvaste Ben Affleck fått rolla, melder blant anna Variety.

– Me visste me trong ein ekstraordinær skodespelar for å på seg rolla som ein av DC Comics mest lengstlevande populære heltar, og Ben Affleck har alt me treng og litt til, seier Warner Bros-president Greg Silverman i ei fråsegn.

Er det en fugl? Er det et fly? Nei, det er Henry Cavill i Man of Steel (Foto: SF Norge AS).
Er det en fugl? Er det et fly? Nei, det er Henry Cavill i Man of Steel (Foto: SF Norge AS).

Ben Affleck har dei siste åra gjort suksess som regissør, med filmar som Gone Baby Gone, The Town, og sist Oscar-vinnande Operasjon Argo. No skal han altså spele superhelten som tidlegare er gjort udødeleg av Adam West, Michael Keaton, Val Kilmer, George Clooney, og Christian Bale.

Les også: Superman og Batman møtes i ny storfilm i 2015

– Både skodespelartalentet og sjarmen

Regissør Zack Snyder uttaler at Affleck vert ein «interessant motbalanse» mot Cavills Supermann:

– Han har skodespelartalentet til å skape ein lagdelt mann som er eldre og visare enn Clark Kent, men samtidig inneha sjarmen som verda ser i billionæren Bruce Wayne.

Superheltsjangeren er ikkje ny for Affleck, som tidlegare har spelt Daredevil, i (tør eg seie litt undervurderte – iallfall Directors Cut-versjonen?) filmen med same namn frå 2003.

Dei tidlegare versjonane av Batman på film. (Foto: Warner Bros)
EG ER BATMAN! Nei, eg er Batman! Nei, EG er Batman. Ja, du skjønar greia. (Foto: Warner Bros)

Årets Man of Steel er blant årets mestinntenande filmar med rundt 4 milliardar kroner på verdsbasis, så det var inga overrasking at ein ny film ville dukke opp i serien. Superman vs. Batman (eller Batman vs. Superman, tittelen er ikkje klar enno) er venta å starte innspeling neste år, med premieredato i 2015.

Sidespor: Nyheita førte sporenstreks til ein reaksjon frå regissør Kevin Smith, ein ven av Ben Affleck som har samarbeidd med han på fleire filmar:

Kva trur du om Ben Affleck som Batman?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.