Først av alt, filmen heiter på norsk LEGO®filmen, men av omsyn til eiga mental helse kjem eg heretter til å omtale den som Lego-filmen.

Å lage ein film basert på eksisterande leiketøy har vore mote dei siste åra – stort sett med begredelege, personlegheitslause (om enn eksplosive) resultat. Då er det bra at Lego tek affære, og speler på alle mine blokkfylte barndomsminner i filmen.

Resultatet er ei heltehistorie som kjennest velkjend, men som – i motsetning til mange andre filmar basert på leiker – ikkje tek seg sjølv så alvorleg. Og det er nettopp dét som er styrken til denne herlege filmen – den vågar å tulle med si eiga historie, og sine eigne fordommar.

Lego filmen. (Foto: SF Norge)
Vondskapen sjølv, Lord Business! (Foto: SF Norge)

Les også: Batman og Supermann møtes i ny (Lego-)film

Gjenkjenneleg heltehistorie

Utgangspunktet for Lego-filmen er konvensjonell, bygd rundt dei velkjende klossane. Emmett, verdas vanlegaste (Lego-)kar, klarar på sitt eiget klossete vis å falle midt oppi ein verdsforandrande profeti. Den Spesielle (The Chosen One) skal kunne byggje bruer mellom dei skarpt definerte lego-verdene, styrt med hard plasthand av den svært firkanta Lord Business.

Målet hans er å låse legofigurane i deira «bruksanvisningsform», med det sagnomsuste (og fantasirike) Kragle-våpenet – for å fjerne rommet for kreativitet og leik. Eit lite stikk til det moderne samfunns formelbaserte kvardag.

På same måte som i alt frå Star Wars, The Matrix, og ei rekkje andre Monomyth-historier, møter helten på formelspesifikke motgangar og medgangar før den endelege konfrontasjonen. Historia er gjenkjenneleg og enkel å følgje med på, men det er innimellom standardhendingane at magien skjer.

Lego filmen. (Foto: SF Norge)
Frå øverst til venstre, med klokka: Villstil, Batman, Space Guy, Prinsesse Party-Kitty og Vitruvius. (Foto: SF Norge)

Eg vil strekke det så langt som å seie at Lego-filmen er årsaka til at Det regner kjøttboller 2 var under pari som underhaldning. Etter at oppfølgjaren til den matglade animasjonsfilmen var klarlagd, men før kontraktene var ferdigskrivne, hadde Warner Bros lånt med seg filmens etter kvart suksessrike manusforfattarar og regissørar Phil Lord og Chris Miller (også 21 Jump Street) til Lego-prosjektet i staden. Gode valg!

Dei fyller filmen med eit herleg detaljnivå, som ikkje berre berikar historia, men òg legg med eit og anna pip til dei som måtte ha fulgt brikkene i mange tiår allereie. Space Guy, ein av verdsromsfigurane frå 80-talet, har den knekte nederste hakebeskyttaren som dei hjelmane nesten alltid hadde.

Då eg sat i salen følte eg at Space Guy var meg, hobbykonstruktøren som alltid vil lage romskip når ein boks med lego er i nærleiken. Andre brikkebyggjarar vil nok finne representantar for sine stilar og finesser – me får nemleg ei rekkje innhopp frå Legos mange ulike merkevarer.

Lego filmen. (Foto: SF Norge)
Lego filmen. (Foto: SF Norge)

Dette let ein gravalvorleg Batman vere med på laget, hentar inn Star Wars-figurar i ei småmerkeleg avsporing, og inviterar til diskusjon mellom Gandalf og professor Humlesnurr.

Anmelding: 21 Jump Street: – Leverer varene der det er viktigst!

Kjennest ikkje som eit påskot for å selgje meg Lego

Filmens bodskap er at du må sjølv ta valget om å vere spesiell, ei forandrande kraft i omverda di – men satt i konteksten til eit leiketøy bygd rundt ei samla kreativ oppleving får det akkurat det ekstra vesle kicket det treng.

Dei norske stemmene er gode, men manuset får litt den «translatert frå engelsk»-sjuka som bornefilmar har ein tendens til å få – «dødfett» er Emmets norske favorittuttrykk. Og uansett kor mykje eg måtte sjå på Harald Mæle som ei gudeaktig stemme, så har han framleis ikkje heilt den pondusen – eller konteksten – som Morgan Freeman får i den opphavlege versjonen.

Godt figurdesign gjer til at sjølv legofigurar sine ganske begrensa mogelegheiter for rørsle vert dynamiske. Dette vert kombinert med eit velkontrollert kamera, og ingen besparingar på miljøskildringar – absolutt alt er modellert av legoklossar, noko som faktisk er meir enn det dei populære Lego-spela har gjort. I det heile teke er det eit småspektakulært fenomen eg er vitne til.

Andreas sitt Lego-skip, S/S Kråka. BRRRRRRRRM! SVOOOOOSJ! WOOOW! (Foto: Andreas)
Andreas sitt Lego-skip, S/S Kråka. BRRRRRRRRM! SVOOOOOSJ! WOOOW! (Foto: Privat)

Lego-filmen følest verken som eit påskot for å selgje meg Lego (slik mange filmar for born basert på leiketøy gjerne er), eller som eit tilfeldig manus påklistra eit nostalgisk merkenamn (slik mange filmar for eldre born basert på leiketøy gjerne er).

Det er ei historie som med lune, smart humoren – men også dei gode visuelle morsomheitene som ein bornefilm treng – bevarar ein kreativ kultur i beste evne. Eg får lyst til å gå heim og byggje – noko nytt og sprekt.

Om FILMEN

LEGO filmen
  • LEGO filmen
  • Slippdato: 14.02.2014
  • Regi: Chris Miller og Phil Lord
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: LEGO: The Movie
  • Sjanger: Action, Animert, Barn, Komedie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.