Allereie i september i fjor gjekk Warner Bros-sjef Kevin Tsujihara ut med nyheita om at J.K. Rowling skreiv endå eit filmmanus frå Harry Potter si verd. Denne gongen skulle dei vere basert på skulebøkene frå Hogwarts. I helga avslørte han at prosjektet er utvida til ein ny filmtrilogi i eit intervju med New York Times.

Trilogien er basert på skuleboka Fabeldyr og hvor de er å finne, og flyttar handlinga frå 90-talets England til 20-talets New York. Hovudpersonen er Newt Scamander, forfattaren av boka, og – i Harry Potter-universet – ein berømt magizoolog, som me følgjer medan han samlar innhald til fabeldyr-bøkene sine.

Rowling skreiv det 54 sider lange magiskulepensumet mellom den fjerde og femte boka i Harry Potter-serien, til fordel for velgjerdsorganisasjonen Comic Relief.

Fabeldyr og hvor de er å finne.
I Torstein Bugge Høverstads omsetjing heiter boka «Fabeldyr og hvor de er å finne».

Boka har inga handling, men er rett og slett eit lite leksikon, med ei rekkje dyr frå segn og mytar sett inn i Rowling si magiske verd – blant anna hippogriffar og kentaurar.

Les også: Harry Potter og Dødstalismanene – Del 2: – En voldsomt spennande finale for Harry Potter

Ingen skodespelarar eller regissør – enno

Det kan kanskje verke litt lite å basere ein filmtrilogi på ei 54 sider lang bok, men så er det Tsujihara som var ansvarleg for å godkjenne at Tolkiens Hobbiten-bok (rundt 300 sider) til ein trilogi òg.

Dog, som Tolkien, så er Rowling kjend for å ha bunkar på bunkar med upublisert bakgrunnsmateriale – i tillegg til fordelen med å kunne basere det på sitt eiget hovud:

– Eg tenkte, ‘Åh, herregud, eit heilt plott kom til meg!’ Eg tenkte ikkje eigentleg å skrive manuset sjølv, men eg tenkte at eg kunne gi dei dette plottet, og så – skjebnesvangert – tenkte eg ‘Eg lurar på korleis det ville ha sett ut’ og skreiv førsteutkastet på tolv dagar, sa Rowling tidlegare i år.

Filmane har verken fått offentleggjort ein regissør eller skodespelarar enno, men det har blitt spekulert – blant anna i Vulture – at Oscar-vinnaren Alfonso Cuarón (Gravity) kan vere aktuell. I 2004 regisserte han Harry Potter og fangen fra Azkaban.

– Eg klarar hippogriffar, sa han til Vulture i november i fjor før han avkrefta at han var kontakta.

– Dei har ikkje ringt meg enno! Dei har ikkje invitert meg!

Det er veldig lite sannsynleg at seriens tre hovudskodespelarar, Daniel Radcliffe (Harry), Emma Watson (Hermione) og Rupert Grint (Ron) dukkar opp igjen – men kanskje me får sjå nokre av figurane sine forfedrar?

Den første filmen i Magic beasts and where to find them-trilogien er venta å ha premiere i 2015 eller 2016.

Kven burde spele Newt Scamander? Og kven burde regissere filmen?