Spela i Angry Birds-serien vart ein storsuksess på grunn av god mekanikk, ei artig speloppleving, og godt tima med eksplosjonen av diverse spel-appar for smarttelefonen. Det sprettertfuglane derimot ikkje hadde, var ei historie. Og heilt greitt er det, som sjarmerande og velpolert mobilspel er det likevel så godt som perfekt. Grisar har teke egg, fuglane vil ha dei attende, og det einaste våpenet dei har er sprettertar. The End.

Men når dette skal tværast ut til halvanna time film, viser det seg at det ikkje er noko meir å ta av heller. Og utan dei interaktive moglegheitene undervegs, så er Angry Birds eit fattig univers.

Vår hovudperson, Red (Håvard Bakke), er ein sint fugl – eller ein Angry Bird, om du vil. Han har måten å snakke norsk på som Disney Channel har popularisert, stadige sarkastiske innskytingar direkteomsatt frå engelsk. Rundt han er det visst berre idiotar. Bodskapet er noko slikt som at «av og til må ein bli sint», som for så vidt er greit, men Red er eigentleg ikkje sint heller – stort sett manglar han berre impulskontroll.

På grunn av dette vert han dømt til sinnemeistringskurs, med eit par fuglar du kanskje vil kjenne att frå spela – maniske Chuck (Calle Hellevang-Larsen) som strengt talt berre er hyperaktiv, og den bokstaveleg talt eksplosive Bomba (Hans-Erik Dyvik Husby) som openbart treng biologisk hjelp, ikkje psykologisk.

Anmelding: Star Wars Angry Birds: Når sitt fulle potensial – ver så snill å ikkje lage ein film av dette

Finsk kontroll på kontinentet

Så dukkar grisane opp, med Leonard (Henrik Horge) som sjølvhevdande cowboyrednecks med overlegen teknologi, tilsynelatande utan baktankar. Særleg. Red og gjengen må dermed søke etter hjelp frå Stolte Havørn (Simen Sand), den mytiske figuren som er den einaste fuglen som kan flyge, og som forsvann ein gong for lenge sidan.

Finske Rovio har ikkje heilt klart å følgje opp sin eigen spelsuksess, og etter fleire tap har dei kutta mykje i eigne ansatte. Med unntak av nokre nye spel, og ei overstadig bøtte med merchandise i alle formar og kantar som etter kvart ser ut til å gå tom, er det ikkje fritt for å tenkje at denne filmen kanskje kjem litt for seint. Finnane har sjølv valt å ha kontrollen, ved å late sitt eigenstyrte animasjonsselskap Rovio Animations gjere det, under Sony sin Columbia-paraply.

Det spørst om det ikkje hadde vore lurare å late Sony Pictures Animations sitt tidvis suksessrike samleband ha teke seg av det for eit år eller to sidan.

Det same husstudioet har tidlegare laga kortfilmar i same univers. Ikkje alltid like gode, men meir vellukka i si enkelheit på grunn av reindyrkinga av slapsticken, ikkje heilt ulike filmane om Per Ulv og Bippe Stankelbein. Kjøtet Rovio forsøker å legge på beina er magert og tynnslite.

Anmelding: Sauen Shaun: – En herlig blanding av satire, situasjonskomikk, slapstick og godt humør

Angry Birds-filmen. (Foto: UIP)
Leonard og Ross, to av dei første grisane me får møte på. (Foto: UIP)

Nydeleg animert

Der til dømes Lego-filmen hyra inn regissørar som veit å fortelje ei engasjerande historie, er det to debutantar med imponerande animasjons-CV som har fått regijobben her – Clay Kaytis og Fergal Reilly. Og like openbart som at manusbudsjettet i denne filmen er lite, er også animasjonsbudsjettet harmonerande stort.

For Angry Birds-filmen ser kjempeflott ut, fargesprakande og stort sett interessant, kaotisk til tider, men aldri uforståeleg. Fugleverda er attkjenneleg fuglete – sjølv om anatomien minner meir om bjørnar til tider – og griseverda er tilsvarande grisete. Det er berre synd at så mange har gjort omtrent denne historia betre før, Kung Fu Panda-filmane til dømes, som er minst like godt animert.

Høgdepunktet i filmen er eksplosivt og dynamisk, opplivande og fargefylt, til ein innser at ein i prinsippet sit og ser på ein anna person spele ein runde Angry Birds og få tre stjerner – mest sannsynlegvis nokon som busspendlar frå jobb og er lei av Facebook.

Anmelding: Lego-filmen: – Eit herleg legosentrisk verdssyn

Angry Birds-filmen. (Foto: UIP)
Heile samlinga av fuglar utan evna til å flyge. (Foto: UIP)

I lånte fjør

Manusforfattar Jon Votti har ei forhistorie som Simpsons og The Larry Sanders Show-forfattar før han i staden har byrja å skrive Alvin og gjengen-filmar og liknande. Kva skjedde?

– Folkens, vi droppar klisjeane, eller kva? seier Red på eit punkt i filmen.

Hadde det berre vore så vel. Stort sett er dette ei sjekkliste over «hendingar i barnefilm» med foreldrelaus hovudperson, overvinning av konfliktar, tap og gjenvinning av trua, og så vidare. Ei slow-motion-scene verkar så lånt frå X-Men: Days of Future Past at ein nesten må tru at det er meint som parodi.

Forresten, at ingen fuglar kan flyge i dette universet – utan spretterthjelp, sjølvsagt – vert aldri forklart. Kan hende er det eit sånt mysterium som blir undersøkt djupare i ein oppfølgjar, men av ein eller anna grunn så tvilar eg, sjølv om det openbart blir lagt opp til ein oppfølgjar.

Den er det berre du som kan forhindre.

Om FILMEN

Angry Birds-filmen
  • Angry Birds-filmen
  • Slippdato: 13.05.2016
  • Regi: Clay Kaytis og Fergal Reilly
  • Utgiver: United International Pictures
  • Originaltittel: The Angry Birds Movie
  • Aldersgrense: 6
  • Sjanger: Animert, Barn