Endeleg er det klart for 100 timar med galskap! Frå onsdag til søndag skal fire programleiarar ofra utsjånad, nattesøvn og personlege grenser for ei god sak.
Arian Engebø (28) frå «StudioP3» skal igjen tre inn i glasburet på Solsiden i Trondheim, saman med tre «P3aksjonen»-jomfruer.
Det blir fyrste gong «P3morgen»-programleiar Karsten Blomvik (27) og «P3ligaen»-profilane Anna Nor Sørensen (26) og Henning Bang (21) skal leia den berykta aksjonen.
I år skal «P3aksjonen» samla inn penger til den humanitære organisasjonen Legar utan grenser og deira søsterorganisasjon Drugs for neglected diseases initiative (DNDi).
Auksjon, støtte og program
Innimellom utfordringar, forvandlingar og live-opptreingar skal programleiarane bevisstgjera publikummet på årets sak.
I fjor vart det samla inn heile 8.475.931 kroner til Plan Noreg. Også i år skal aksjonen gjera alt dei kan for å få inn pengar til ei god sak.
Innsamlinga frå «P3aksjonen» og «TV-aksjonen» vil gå til Legar utan grenser sitt arbeid med å overvinna gløymde epidemiar i DR Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Bangladesh og Sierra Leone.
SLIK KAN DU BIDRA
1. Følg med på utfordringane undervegs i sendinga, og vipps til 26606 for å stemma på det du vil skal skje. Hugs at bidraget ditt kan avgjera om Henning blir skoten ut av ein kanon eller ikkje!
2. Start din eigen Spleis for «P3aksjonen» eller sjå om du vil støtta ein som allereie er laga.
3. Du kan by på gjenstandar og opplevingar i auksjonane våre.
4. Overfør til vårt kontonummer 8382.08.05200. Hugs å merka med «P3»!
Organisasjonen har valt aksjonsmottoet «grenselause sjukdommar – gløymde pasientar».
Dersom du vil støtta saka, kan du gi på mange måtar.
Du kan by på ting og opplevingar, du kan vippsa, oppretta ein spleis eller vera retro og overføra til kontonummeret.
Les også: Mathias (24) opplever brutale avslag og ekstreme kommentarar: «Kan me ikkje berre la dei døy?»
NOKO AV DET DU KAN BY PÅ I AUKSJONANE VÅRE
- Bilde av kongen, teikna av Frida Marie Grande
- Nakkekragen til Adrian Sellevoll
- «Lørdagsrådets» forundringspakke med fem koppar, Live Nelvik sin «Kongen-befaler»-strap on (NB: ikkje brukt) og masse meir
- Eitt år på valfri linje hjå mediefolkehøgsskulen Danvik (verdi 124.000 kr)
- Spesiallaga Anette Moi-portrett av hus eller hytte
- Bilettar til «P3 Gull» + etterfest
- Bilettar til Neon-festivalen i Trondheim + møte med hemmelig artist
- Brunsj heime hjå Else Kåss Furuseth
- Merch laga av artistane David Mokel, Delara og Makosir
Finn ut kva meir du kan by på her!
Tidlegare år har me blant anna sett Markus Neby eta ein ispinne laga av Vida Lill sitt tiss og Martin Lepperød henga etter kjøttkroker. Adelina har blitt forvandla til Donald Trump og Ronny Brede Aase til den skumle klovnen Ronnywise.
Også i år vil me få nydelege forvandlingar og grensebrytande utfordringar for programleiarane – dersom det blir samla inn nok pengar!
PROGRAM FOR «P3AKSJONEN»
ONSDAG
Kl. 19.00: «P3aksjonen 2022 – 100 timar utan grenser» startar
Kl. 19.30: Emma Steinbakken spelar live
Kl. 00.00: Kjempekoseleg barnebursdag – nattsending med Arian og Nate frå «StudioP3»
TORSDAG
Kl. 13.00: Gjesteprogramleiar Fetisha Williams sjekkar inn
Kl. 18.00: Tøfl spelar live
Kl. 19.30: Aiba spelar live
Kl. 00.00: Revy, rai og pianonatt med Anna, Amalie Stuve og Egil Skurdal
FREDAG
Kl. 07.30: Gjesteprogramleiar Marlene Stavrum sjekkar inn
Kl. 18.00: «Urørt»-vinnar Michelle Ullestad spelar live
Kl. 20.00: Etterfest med «National rapshow» og artist Isah
Kl. 00.00: Natta der Henning, Jon Slettan og Andreas Aaberge Eide forandrar verda
LAURDAG
Kl. 12.30: Metteson spelar live
Kl. 13.00: Gjesteprogramleiar Galvan Mehidi sjekkar inn
Kl. 20.00: Beathoven + CapowX2G spelar live
Kl. 00.00: Roganatt med Karsten og Mohammed Basefer
SØNDAG
Kl. 12.00: Gjesteprogramleiar Hani Hussein sjekkar inn
Kl. 14.00: Maria Petra spelar live
Kl. 18.00: CLMD spelar live
Kl. 20.00: Amanda Tenfjord spelar live
Kl. 23.00: «P3aksjonen» er over for i år
Få med deg høgdepunkta frå i fjor, for å få ein smakebit av kva som ventar i årets aksjon!
Desse skal stå i 100 timar utan grenser
Namn: Anna Nor Sørensen
Alder: 26
Kjem frå: Larvik, Vestfold og Telemark
Kjent frå: «P3ligaen» og «Urørt»
Vore med på aksjonen før? Nei
Set foten ned på: Hovudskalletatovering og kryping gjennom mørke tronge røyr
Om programleiargjengen: – Me er eit spennande firkløver i år fordi me er så sjukt forskjellige. Det me har til felles, er at me er varme menneske som kjem til å ta godt vare på kvarandre, lyttarane og saka. Eg har aldri vore med på noko så ekstremt som det her før, så eg er på ein litt sjuk måte nysgjerrig på korleis eg skal takla det.
Namn: Karsten Blomvik
Alder: 27
Kjem frå: Sola, Rogaland
Kjent frå: «4ETG», «Gym» og «P3morgen»
Vore med på aksjonen før? Berre som gjesteprogramleiar i fjor
Set ned foten på: Barbere augebryna
Om draumeforvandlinga: – Min største helt då eg var liten var MacGyver! Å få extention som gir meg hockeysveis og berre kunna vera full-on MacGyver hadde vore ein draum i oppfyllelse. MacGyver, altså. Ouf! For ein mann.
Namn: Arianrhod «Arian» Engebø
Alder: 28
Kjem frå: Førde, Sogn og Fjordane
Kjent frå: «StudioP3» og «VG-lista»
Vore med på aksjonen før? Ja
Set foten ned på: Kjem til å legga seg ned på bakken og nekta dersom ho må gjera standup i år igjen
Om årets formål: – Legar utan grenser er ein utruleg fin organisasjon som eg har støtta månadleg i fleire år. Dei er nøytrale og tar ikkje imot pengar frå statar eller politiske organisasjonar, sånn at dei skal ha mogelegheit til å hjelpa absolutt alle. Det har ikkje noko å seia kva side av ei konflikt menneska er i, så lenge dei treng helsehjelp skal dei få det.
Namn: Henning Bang
Alder: 21
Kjem frå: Tjongsfjord, Nordland
Kjent frå: «P3ligaen» og «P3morgen»
Vore med på aksjonen før? Nei
Set ned foten på: Skinning, amputasjon og omskjering
Om eigen smerteterskel: – Åh, den er låg! Når eg blir utsett for noko smertefullt eller ubehageleg, reagerer eg med å bli litt sytete, kanskje litt redd og litt sint. Alle følelsar blir sette i sving når eg blir utsett for noko ubehageleg!
Desse kjente fjesa dukkar også opp
100 timar i eit glasbur kan bli tungt for kven som helst, så derfor skal P3-gjengen få besøk av fire flotte gjesteprogramleiarar!
Fetisha Williams frå NRK-podkasten «Sophie og Fetisha» er fyrste gjesten til å ta plass i stolen på torsdag. Komikar og «Nuvel»-programleiar Marlene Stavrum tar over fredag morgon.
«Med all respekt»-Galvan tar turen innom på laurdag, etterfølgt av komikar og «P3morgon»-programleiar Hani Hussein på søndagen.
Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at gjesteprogramleiarane også må gjennomgå små og store utfordringar utanfor komfortsona.
I tillegg kjem det fleire artistar på besøk til Trondheim!
AVLASTNINGA: Denne flotte gjengen skal vera gjestar under «P3aksjonen». Foto: Kim Erlandsen, NRK P3 / NRK
Blant andre skal Emma Steinbakken, Beethoven og Metteson spela live under aksjonen – både til dei som møter opp til gratis konsert på Solsiden i Trondheim, men også til dei som høyrer på radio eller ser på stream på P3.no.
Ikkje nok med det! Kjente fjes og stemmer vil dukka opp i løpet av nattetimane.
Blant anna kjem komikar og «Gym»-deltakar Mohammed Basefer, Amalie Stuve frå NRK-serien «Amalie og Mathea» og Nate Kahungu frå «StudioP3» skal halda seg vaken kvar si natt med programleiarane.
Alle dei som greier å halda seg oppe etter midtnatt, veit at desse nattesendingane har ein tendens til å gå litt av skaftet. Her har me sett alt frå hockyepulver-sniffing til Martin Lepperød og Maria Stavang som åt vaflar laga av spy, så det er berre å følga med!
Les også: Disse skal lede «P3aksjonen 2022»: – Jeg har lyst til å sloss!
SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ FJORÅRETS AKSJON:
LES MEIR: