Mannleg midtlivskrise i oppskriftsmessig, ufarleg skinndrakt.

Eg gruar meg ikkje til midtlivskrisa i det heile teke, og det er ikkje fordi ”Wild Hogs” har førebudd meg. ”Wild Hogs” er meir som den fulle onkelen i bryllaupet ditt som du ikkje treng å høyre på, for du veit at same kor, slik vil det ikkje bli.

Gåsauger

Fire karer, alle i forskjellig livssituasjon, kjem i midtlivskrisa samstundes.

Dei har motorsyklar og alt det der, men det er liksom ikkje nok; dei må ut på vegen eit par veker for å oppleve total fridom, og ute på landevegen ligg eventyret og ventar på dei.

I form av ein blodhomofil politimann, ei søt servitrise og ein ”ekte” motorsykkelgjeng. Og eg sa ”ekte” med gåsauge.

Lettsindig

”Wild Hogs” er ei familievenleg komedie som oppmodar oss om å halde saman og stå opp mot dei som undertrykkar oss.

Eit bodskap som nok ikkje kan seiast ofte nok, men som mistar effekten om ein tek for lettsindig på det. Eg trur ikkje regissør Walt Becker meinar å ta lett på det, men han greier ikkje bestemme seg for kva han vil.

Hardkokt

Tim Allen, John Travolta, Martin Lawrence og William H. Macey spelar i ”Wild Hogs” av openbare grunnar; det er ingen vits i å sminke eller slanke desse karane. Dei er klare, rett frå stresslessen.

Og med unntak av Martin Lawrence, som gjer ei sjeldan stereotyp rolle i forhold til resten, greier dei seg tåleleg bra. Spesielt Tim Allen, som best greier å styre unna det dårlige overspillet og stumfilmmimikken.

Og Ray Liotta da, som passar riktig godt som hardkokt harleygjengleiar.

Fordommar under bearbeiding

”Wild Hogs” har, mellom alt det ein ventar seg, definitivt nokre høgdepunkt eg kan humre av. Litt god slapstickvold på slutten, til eksempel.

Men for det meste sit eg litt flau på grunn av all dårleg undertrykt homofobi som fins i filmen. Eg aner at USA jobbar med homofobien sin i film generelt om dagen.

Moro med hest?

Kjøper du ei pølse på Mix, veit du kva du får. Om du høyrer denne anmeldinga, ser plakaten og løyser billett, veit du òg kva du får.

Og det kan jo vera underhaldande å få servert ein motorsykkelfilm med all motorsykkelmusikk du forventar deg, og eit lite ”Easy Rider”- gjensyn på slutten?

Eventuelt går du berre og leiger deg ”Byfolk!” frå 1991 på dvd. Akkurat same greia til hest, berre artigare.

Om

Wild Hogs
  • Wild Hogs
  • Slippdato: 13.05. 2007
  • Regi: Walt Becker
  • Utgiver: Touchstone Pictures
  • Sjanger: Action, Komedie