”Goya’s Ghost” er eit kostymedrama om moral, religion og kunst. Og Milos Forman har gjort den kaotiske perioden som Spania gjennomlevde i perioden 1792 til 1807 stygg, sterk og skodespelarmetta.

Inkvisisjonens etterslep

Francisco Goya er si tids mest akta og ærlege bildekunstnar, og målar dei kongelege, dei geistlege og dei adelege akkurat slik dei ser ut. Stygge eller ei.

Han teiknar dei fattige, dei sjuke og dei prostituerte slik dei vert behandla av den katolske kyrkja og staten. Og eit av bileta hans fører ei uskyldig ung jente rett i armane på det som er att av inkvisisjonen.

”Goya’s Ghost” er ikkje kjeks til teen. Den er grov kost i sine valds- og torturskildringar. Regissør Forman tek i bruk harde overgangar frå milde, varsame augneblink til hylande torturscener, og sett såleis tilskodaren i ein spent posisjon.

Forman sparar ikkje på det valdelege krutet, men hans sterkaste side er hans arbeid med skodespelarane.

Skummelt tilstades

Stellan Skarsgård gjer ein jovial og likandes Goya, og eg forstår kvifor han hadde opptil fleire kongefamiliars gunst til trass for sine på grensa til krenkande måleri.

Skarsgård har riktig nok fått på seg ein noko latterleg Asterix-nase for å likne Goya, men det kan ikkje Skarsgård få skylda for. Og på motsatt side: Javier Bardem, som spelar katolsk munk med sterk forkjærleik for inkvisisjonens metodar. Bardem er nervepirrande tilstades, og aukar filmens tilskodarverdi.

Frå rose til bonsai

Og så hev du Natalie Portman, då. Ein vakker liten blome innleiingsvis, men berre vent. Den jenta her hev strengar å spele på. Eg vil ikkje seie meir, for dette vil du berre oppleve.

Og så vil eg berre vise til alle dei andre karakterskodespelarane som er med på å løfte ”Goya’s Ghost” til ein skodespelarfilm.

Ein mektig alliert

Det er òg mykje ekte Goya her for den kunstinteresserte, og bileta hans hev tydeleg inspirert Formans skildring av det revolusjonsherja Spania. I tillegg brukar Forman musikken på ein slik måte at miljøskildringane vert enno betre.

Korleis? Ved å bruke den der det fell seg naturleg, slik som i kneiper og på marknadsplassar. Musikken er ein mektig alliert, og Forman har skjønt greia.

”Goya’s Ghost” overraskar meg med sine vendingar, og såleis vert eg svært glad. For eg hatar å kunne spå korleis filmar ender, og sett så stor pris på å verte overraska at eg på lang vei kan sjå gjennom fingrane med at filmen til tider vert litt langtekkeleg.

Overraskingar og snedige karakterar med jamne intervall gjer sitt for å halde interessa oppe. Og så er det artig å ta seg sjølv i å sitte og mime med munnen når nokon skal forklare noko for ein døv Goya. Då er det innleving.

Om FILMEN

Goya’s Ghost
  • Goya’s Ghost
  • Slippdato: 23.11.2006
  • Regi: Milos Forman
  • Utgiver: The Saul Zaentz Company
  • Sjanger: Drama, Historisk