Fra «American: The Bill Hicks Story» (Foto: American the Movie).
Fra «American: The Bill Hicks Story» (Foto: American the Movie).
Trass at han berre vart 33 år gammal rakk Bill Hicks å irritere på seg mange. Satirikaren var kjend for sin spesielle scenepersonlegheit, og laga det meste av humoren sin frå krasse kritikkar av samfunnets dobbeltmoralar. I 1994 døydde han av bukspyttkjertelkreft.

Det er denne mannens liv at Russell Crowe no vil bryne seg på.

Crowe har tidlegare regissert dokumentarfilmar og er i ferd med å oversjå kortfilmprosjektet Sydney Unplugged (ikkje ulikt Paris, je’taime og New York, I love you).

For tida er han oppteken i Island med Darren Aranofskys bibelske Noah, men ifølgje Daily Telegraph skal prosjektet startast så snart Crowe er ferdig der.

Manusforfattar er Mark Staufer, som omtrent er eit ubeskrive blad i Hollywood. Staufer er ein skulekamerat av Crowe, og er fascinert av livet til Hicks:

— Livet til Bill Hicks er tragisk kort, men spektakulært interessant. Manuset har vore gjennom fleire utkast, og går inn i produksjon tidleg til neste år.

Bill Hicks har tidlegare fått fortalt historia si i dokumentaren American: The Bill Hicks Story, hovudsakleg bygd på arkivmateriale og klipp frå standup-showa hans.

Youtube-framvekst

Med Youtubes framvekst for knappe 7 år sidan har verda fått eit nytt perspektiv på standup-komikarar. Utallege klipp av Bill Hicks (og andre) har nok hjulpe å halde han friskt i minne også blant dei som ikkje fulgte han på 90-talet.

Dette stemmer iallfall for meg, som først fekk med meg denne ordvirtuosen ein gong på vidaregåande. Han passa perfekt inn i ei tid når eg prøvde å finne seg sjølv, og det var spesielt kult med folk som ikkje høyrdest ut som alle andre. For uansett kva du tykkjer om Bill Hicks – du kan ikkje nekte for at han har eit visst… særpreg.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Framleis gjenstår spørsmålet om kven som skal ta rolla som den kontroversielle komikaren. Veldig tidleg i prosessen var det snakk om at Crowe sjølv skulle ikle seg den velkjende hockeysveisen, men ettersom han skal regissere har han gått bort frå ideen.

Foreløbig er det uvisst kven som skal spele Bill Hicks.

— Det er ei gigantisk rolle som er desto meir spesiell, eller rett og slett skummel, fordi regissøren er ein Oscar-vinnande skodespelar som Russell, seier Staufer.

Kven tykkjer du bør spele Bill Hicks? Kva standupkomikarar har du oppdaga via Twitter?