TV-serien Girls har gjort det godt. Første sesong fekk fem Emmy-nominasjonar – og éin siger – som saman med gode publikumstilbakemeldingar enkelt førte til ein ny sesong. Andre sesong skal etter planane kome på TV i januar 2013.

I eit intervju med Movie City News om filmen This is 40 – Apatows komande ironisering over 40-årsalderen – avslørte Apatow på slutten av intervjuet at dei allereie er i gang med tredje sesong av TV-serien (rundt 34 minutt i videoen).

Uvanleg tidleg

Heile intervjuet med Judd Apatow (Video: David Poland/Movie City News)

I TV-verda er det uvanleg at dei set i gang med neste sesong så tidleg.

Sjølv ikkje langtplanlagte Game of Thrones – òg frå HBO – starta innspeling så raskt, noko som òg er grunnen til at me må vente frå juni i år til januar 2013 før tredje sesong dukkar opp.

Anmelding: Game of Thrones S02: — Allerede sikret en plass på listen over serieklassikere

No har òg ein HBO-representant kommentert fråsegnet til Apatow i ein kommentar til Hollywood Reporter. Dei lover at noko er i vente:

— Me ser fram til opninga av andre sesong, og håper å ha gode nyheiter like etter det!

I beste fall kan dette tyde på at tredje sesong vert vist berre kort tid etter andre sesong er ferdig. HBO har tydelegvis trua på Lena Dunham sitt TV-serieprosjekt.

— Eg kan ikkje fortelje deg akkurat kva som hender. Men det involverer sex og skarpe objekt…, sa Dunham sjølv, kortfatta, om den komande sesongen på årets Emmy-utdeling.

Girls imponerte iallfall vår meldar Maria. Ho meinte serien var eit friskt pust av ærlegdom i ei verd der altfor mange seriar med jentene i hovudrolla er meir opptekne av å setje standarden i motebransjen enn å underhalde og overraske.

Anmelding: Girls S01: — Hun er “the voice of a generation”, hun er virkelig det

Lena Dunham som Hannah i «Girls». (Foto: HBO)
Lena Dunham som Hannah i «Girls». (Foto: HBO)
«Anchorman 2» og «Knocked Up»-oppfølgjar

Apatow har etter kvart blitt ein av Hollywoods «leading men» innan humor, med eit bein i veldig mange leirar.

Ved sidan av Girls fortel han òg at han arbeider med produksjonen av Anchorman 2, som foreløbig er planlagd å kome ut i slutten av 2013.

På planen er òg This is 40, som viser liva til karakterane i Knocked Up eit lite tiår etter hendingane i den første filmen hendte. Paul Rudd og Leslie Mann spelar hovudrollene i filmen som har planlagd Noregspremiere i mars 2013.

Kva tykkjer du om Girls?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.