Då Chris Roberte kunngjorde i oktober at han skulle kome tilbake til spelverda med det svært så ambisiøse Star Citizen ville han òg røske litt i grunnvollane for det han meiner er ei dårleg utvikling i spelmarknaden. Han vil fokusere meir på PC som spelplattform igjen, og middelet hans skal vere romskips-skytespelet han alltid har drøymd om å lage.

Etter kvart som pengane no har rulla inn til prosjektet hans utdjuper han meiningane sine om den tekniske utviklinga på PC og konsoll ytterlegare i eit intervju med Ars Technica.

PC er betre enn konsoll?

— Eg vil ikkje ha ein mangelfull port av eit konsollspel som ikkje viser kva PC-en min kan gjere, seier Roberts.

Difor har han gått inn for å lage noko som kan spelast kun på dei heftigaste spelmaskinene. Med CryEngine 3 (som blant anna vart nytta i Crytek-spelet Crysis 3) kan det verke som om målet er både ei rik speloppleving, og noko som ser like polert ut som dei beste på marknaden.

— Om eg byggjer eit PC-spel, så seier eg ‘Ja, du må ha 4GB RAM på maskina di’. Sjølvsagt får du ikkje alt, sidan Windows er eit svoltent beist, men du får mykje meir enn dei 512 MB (som er omlag det dagens konsoller ligg på – journ.anm.). Det endrar ambisjonsnivået ditt.

Chris Roberts forklarer sine visjoner. (Foto: Roberts Space Industries)
Chris Roberts forklarer sine visjoner. (Foto: Roberts Space Industries)

Roberts meiner at dagens beste PC-ar er langt kraftigare enn sjølv kva neste generasjons konsollar kan få til, og han har nok rett i det. Dei nyaste rapportane om Playstation 4 tilseier at maskina kjem til å ha «anten 8 eller 16 GB RAM», men så er det rett nok noko som er meint for å vare ei stund inn i framtida.

Han er lei av avstumpa spelopplevingar fordi utviklarane må tilpasse seg dagens konsollar, og forsøker seg på ein analogi til kinopublikummet.

— Eg har ein iPhone og eg kan sjå The Dark Knight Rises på den, men eg vil ikkje sjå The Dark Knight Rises på iPhonen min. Eg vil sjå den i IMAX på lerretet, og eg er villig til å nytta 18 dollar på det, seier han.

— Eg trur definitivt at det er eit PC-spelpublikum der ute som tenkjer det same.

(Sjå tidleg video av spelet og størrelsesskalaen Roberts tenkjer på.)

Retur til spelverda

Etter å ha laga nokre etter kvart klassiske romskipsspel, som Wing Commander og Freelancer, trakk Roberts seg tilbake for å produsere filmar (til dømes Lord of War med Nicolas Cage i hovudrolla). Først no tykkjer han at teknologien har teke igjen visjonane hans.

— Eg var alltid frustrert over det i fortida. No derimot, ser eg på ting eg kan gjere i sanntid som eg tidlegare – då me laga Wing Commander-filmen – trengde millioner av dollar og spesialiserte datamaskiner for å få til, seier Roberts.

— Dette er spennande for meg fordi det er fantasien min, å leike med noko som har den visuelle kvaliteten til filmar.

Roberts lover veldig mykje med dette spelet, eit sandboksspel med mykje fridom, eit stort djupn i romskipsdetaljer og realistisk fysikk. Spesielt interessant er tankane om å lage eigne instanser for romskipskamp, noko som kan letne trykket på nettlinjene til dei som skal spele det.

Hindrar konsollspeling utvikling av rikare spel?