Colin Trevorrow, som hittil har haldt seg i indiefilmverda, skal regissere den komande Jurassic Park 4-filmen. Regissøren og manusforfattarens einaste langfilm så langt er den nydelege «tidsreise»-komedien Safety Not Guaranteed (anbefalast!) så hoppet i både sjanger og budsjett vert kjempestort.

Eg veit den ikkje er så relevant for saka, eg berre tykkjer den er søt. (Faksimile: Copenhagen Post)
SAFETY NOT GUARANTEED: Eg veit den ikkje er så relevant for saka, eg berre tykkjer den er søt. (Faksimile: Copenhagen Post)

Han skal ha overbevist Universal og Spielbergs mannskap med ei glede for den opphavlege trilogien som han vaks opp med, ifølgje Deadline, som skriv at studioet trur han kan bevare og beskytte figurane i historia dei har laga.

Der den første filmen hans var basert på ei rubrikkannonse i Copenhagen Post vert dinosauroppfølgjaren i staden skriven av Rise of the Planet of the Apes-forfattarane Rick Jaffa og Amanda Silver.

Les også: Genmanipulerte dinosaurar? Dette kunne ha blitt Jurassic Park 4

(Artikkelen held fram under traileren til Safety not Guaranteed)

Ryktast lenge om Star Wars-jobb
Colin Trevorrow. (Foto:AP/Danny Moloshok)
Colin Trevorrow. (Foto:AP/Danny Moloshok)

I etterkant verkar alt så sjølvsagt. Colin Trevorrow var ei stund rykta til å bli den neste Star Wars-regissøren, men forsvann raskt ut av biletet.

I staden tek han over Jurassic Park-franchisen som lenge hadde same produsent, Lucasfilm-sjef Kathleen Kennedy. Det spørst om Hollywoods nyhendejegerar berre har kopla han mot feil film.

Trevorrow ser ut til å ha ei gryande karriere på gang, med både dinosauroppfølgjar og ein remake av sci-fi-filmen Flight of the Navigator på gang.

Jurassic Park 4 skal filmast i løpet av 2013, og har førebels premieredato 13. juni 2014. Som opplading vert òg Jurassic Park frå 1993 kinolansert i mars i 3D til glede for nye sjåarar, men sikkert til harme frå meir vaksne kinogjengarar.

Er det spenstig med ferske regissørar i tunge jobbar, eller betyr det berre at han vert overkøyrd av «apparatet»?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.