På gårsdagens Cinemacon i Las Vegas vart datoane for dei nyaste Star Wars-filmane annonsert. Dermed lovar Disney éin Star Wars-film kvart år, etter Star Wars: Episode VII i 2015, melder blant andre Variety.

Dette er første gong Disney – ved studiosjef Alan Horn – bekrefter éin film kvar sumar fram mot 2019.

Alan Horn. (Photo by Chris Pizzello/Invision/AP)
Disney Studios-sjef Alan Horn på Cinemacon i natt. (Photo by Chris Pizzello/Invision/AP)

Star Wars-spinoffs

I tillegg til ein trilogi av sentrale Star Wars-filmar, skal Disney og Lucasfilm samarbeide om enkeltståande filmar – skrivne av blant anna den originale manusforfattarane Lawrence Kasdan. Det vil iallfall bli to av desse, og dei vil dukke opp sumaren 2016 og 2018.

Tidlegare har det vore spekulert om desse enkeltståande historiene vil vere Boba Fett og Yoda-filmar, men Disney vil framleis ikkje gå ut med offisiell bekrefting på spinoff.

Hendingane i den komande sagatrilogien vert og haldt tett til brystet, med Michael Arndt (Little Miss Sunshine, Toy Story 3) som manusforfatter og J.J. Abrams (Lost, Star Trek) som regissør.

Anmelding: Star Wars: The Complete Saga: – Ser og høres bedre ut enn de noensinne har gjort!

Kor mykje er for mykje?

Det vert ikkje sagt om 2019 så er slutten på Star Wars-sagaen, men det er vel grunn til å tru at det vert meir. Disney må trass alt tene inn dei 4 milliarder dollarane dei nytta på å kjøpe Star Wars-selskapet for omlag eit halvår sidan.

Kanskje er det ein måte å få mest mogeleg ut av dei aldrande Star Wars-skodespelarane, som stadig verker å vere nærare signering for roller – større eller mindre, kven veit?. Med eit tiårs planleggjing framover er det mykje som kan hende, i 2019 har Harrison Ford blitt 76 år!

Leiande spørsmål følgjer: Vert det for mange Star Wars-filmar?