Filmselskapet Warner Bros og distributør Legendary taper store pengar på Jack the Giant Slayer. Etter ein god start på amerikanske kinoar falt filmen raskt etter at Oz: The Great and Powerful tok over kinotoppen. Med mindre besøkstala i resten av verda tek seg kraftig opp, kan det sjå ut som om filmen vert selskapets største tapsprosjekt, melder blant anna The Hollywood Reporter.

Anmelding: Jack the Giant Slayer: – Spetakkelet er stort nok til å underhalde!

Regissør Bryan Singers storslåtte effektfilm har eit totalt budsjett på nærare 1,5 milliardar kroner om ein tek med marknadsføringa. Med ei inntening på omlag det halve så langt, og sterk konkurranse frå blant anna G.I. Joe: Retaliation ser det ikkje ut som den kjem til å klatre nemneverdig. I Noreg ligg den på fjerdeplass på Kinotoppen, men er i kraftig nedgang.

Dermed fell den i same gryta som blant anna John Carter og Battleship – effektfilmar frå dei siste åra som heller ikkje fekk den store innteninga. Samanlikningane til John Carter er kanskje mest nærliggande ettersom båe fekk gjennomsnittleg relativt positive anmeldingar, men ikkje samla publikummet den trong for å tene pengar.

Nicholas Hoult spiller hovedrollen i Jack the Giant Slayer (Foto: Warner Bros. Pictures/ SF Norge AS).
Nicholas Hoult spiller hovudrolla i Jack the Giant Slayer (Foto: Warner Bros. Pictures/ SF Norge AS).

Les også: John Carter floppa – men kvifor?

Eventyrfilmtrenden på veg ned?

Det som kan hende starta med profittsuksessen Alice i Eventyrland i 2010, vart raskt til ei lita bytte med filmar basert på ulike eventyr. Alt frå Raudhette, Snøhvit og – vårt norske bidrag – Wirkolas versjon av Hans & Grete, har fått ei oppussing for moderne tider.

Nemnde Alice i Eventyrland si inntening på over 1 milliard dollar er framleis noko mange håper å oppnå. Til neste år kjem Maleficent historia om Tornerose fortalt frå den vonde stemora sin synsvinkel med Angelina Jolie i hovudrolla. Båe ei Guillermo del Toro-gjenskaping av Skjønnheten og Udyret og ein Askepott-film frå Kenneth Branagh er òg nært framtidige.

Les også: Topp 5: Eventyrfilmer

Dårleg inntening verkar dog ikkje å gjere mykje for karrierane til verken regissør Bryan Singer eller hovudrolleinnehavar Nicholas Hoult. Førstnemnde har den komande storbudsjettssuperheltfilmen X-Men: Days of Future Past på plakaten til sumaren neste år, og Hoult fekk nettopp ei rolle i thrilleren Dark Places saman med blant andre Charlize Theron.

Kva syntest du om Jack the Giant Slayer? Eventuelt, kvifor har du ikkje sett den?