I eit år prega av mange norske filmar med dårlege kinobesøkstal, er Gåten Ragnarok ein som har skilt seg ut. I helga har over 51 000 besøkande løyst billett for filmen, som plasserar den på topp blant norske premierehelger så langt i år.

– Dette er veldig gledelege tal, og utruleg hyggeleg for alle som har vore med på å lage denne filmen, fortel produsent Martin Sundland i ei pressemelding.

Les også: «Gåten Ragnarok» får god tilbakemelding i USA

Birger anmeldte filmen til ein firar på terningen, og omtalte den som eit spennande eventyr som openbart er inspirert av Hollywood-filmar som Jurassic Park og Indiana Jones.

– Den bleiknar sjølvsagt mot dei to første eksempla, men filmens bruk av velkjende spenningselement og biletekomposisjonar gjer Gåten Ragnarok til eit spennande eventyr.

Internasjonal skryt

Filmen hadde verdspremiere på fantasy-, horror og spenningsfilmfestivalen Fantastic Fest i Texas, der den for det meste fekk skryt av sjangerfilmfanpublikummet.

– Eit morosamt familieeventyr, med norsk velkommen stil – noko sjølv ikkje Indiana Jones hadde fått til i sin beste alder utan store mengder krangling, skreiv Twitch då.

Mormor og de åtte ungene ligg like bak med 49 000 i opningshelga. På andreplass på kinobesøkslistene totalt i 2013 er førebels Pionér, som på si side fekk ei opningshelg med omtrent 40 000 besøkande.

Ellers har det norske kinoåret vore litt labert, med barnefilmen Karsten og Petra blir bestevenner som den einaste norske filmen blant kinoane si topp 10-liste i år.

Les også: «Jeg er din» er Noregs Oscar-kandidat, sett av 11 000 på kino så langt

Til no ligg 2013 til å bli eit dårleg samla besøksår for norsk film, trass at det er fleire norske filmar i år enn på ei stund. Den avgjerande faktoren på akkurat det vil mest sannsynlegvis bli populariteten til animasjonsfilmen Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa som kjem den 8. november.

For tida går blant anna De tøffeste gutta, Gåten Ragnarok, Hokus Pokus Albert Åberg, Jeg er din, Kyss meg for faen i helvete, Mormor og de åtte ungene, Optimistene, og Pionér på norsk kino.

Kva var den siste norske filmen du såg på kino?