NBC har bestilt ein ny komiserie frå 30 Rock-produsentane Tina Fey og Robert Carlock, melder HitFix. Serien handlar om ei ung kvinne som rømmer frå ei dommedagssekt for å starte eit nytt liv i New York.

– Dei har laga ein ny signaturkomedie for oss som er dumdristig, emosjonell og smart. NBC har vore heimen deira i mange år, og me er glade for at dei har funne ein ny måte å utfordre komediegrensene for oss, seier NBC-sjef Robert Greenblatt (sin pressemeldingsansvarleg) i ei pressemelding.

Sentralt i den hittil namnlause serien er Ellie Kemper, som har gjort seg kjend blant anna gjennom rolla som Erin i NBCs versjon av The Office og som ein av den sentrale gjengen i Bridesmaids.

Ellie Kemper. (Foto: Ilya S. Savenok/Getty Images/AFP)
Ellie Kemper. (Foto: Ilya S. Savenok/Getty Images/AFP)

Les også: Fox bestiller Batman-serie – utan Batman

Full sesongbestilling

Fey og Carlock skriv, regisserar og produserer serien, og skal i same slengen produsere ein anna serie for NBC – ei collegekomedie skriven av 30 Rock-manusforfattar Matt Hubbard.

Båe desse seriane har fått ei bestilling på 13 episodar med éin gong, utan å gå den klassiske «omvegen» rundt å lage ein pilotepisode.

– Originale stemmer som Tina og Robert kjem ikkje så ofte, og me ville ha dei attende på lufta så snart som mogeleg. Og å få med Ellie Kemper på laget […] set heile pakka saman, seier NBC-president Jen Salke.

Tidlegare var dette noko som berre hendte for prosjekt ein kanal hadde verkeleg tru på, men det siste året har det blitt stadig fleire slike heile sesongbestillingar – noko som kan tyde på at det er «sellers market» for kreative TV-skaparar, men som òg i verste fall kan bety at prosjekt som elles ikkje ville ha fått grønt lys får ein heil sesong.

I løpet av dei siste åra har både Fey og Carlock vunne Emmyar og Golden Globes for sitt arbeid på 30 Rock – serien om hendingane bak det fiktive sketsjeprogrammet TGS – før serien slutta med sin sjuande sesong i år.

Kva synest du om Tina Fey og 30 Rock?