I pausen under måndagens episode av The Walking Dead dukka det opp ein kort filmsnutt utan særlege kjennemerker. Ein mann som filmar kjærasten på ein utandørs restaurant vert avbroten av ein haug med rotter som dukkar opp frå eit avløp.

Halvminuttsvideoen vart avslutta med eit veldig kort glimt av orda «He is here»:

Dette vart seinare bekrefta som FX sitt første blikk på den komande TV-serien The Strain, som starta innspeling i slutten av november. Historia skal vere basert på Guillermo del Toro og Chuck Hogan sin bokserie som starta i 2009, om parasittiske vampyrar som bur i kloakken. Del Toro har regissert pilotepisoden.

TV-serien skal opne som boka, med smittespesialisten Dr. Ephraim Goodweather (Corey Stoll frå House of Cards) som har blitt bedt om å undersøkje eit heilt passasjerfly infisert av ein ukjend virus.

The Strain. (Foto: FX)
The Strain. (Foto: FX)

Forhåpentlegvis vert ikkje alt filma med ristande handhalde kamera – eit triks som var slitent allereie lenge før Cloverfield frå 2008.

Les også: Guillermo del Toro samarbeider med både HBO og FX

Vampyrar utan vampyrar

Del Toro har sjølv omtalt dette litt som ei vampyrforteljing utan vampyrar:

– Tenk på ein mann med ei svart kappe, hoggtenner og ein artig aksent. Så tek du vekk kappa, hoggtennene, og den artige aksenten. Faktisk, ta vekk alt som er morosamt i det heile teke, sa han om boka i 2009.

«Vampyrane» i bøkene er ikkje slik ein kjenner dei frå verken Draculas karisma eller Twilight glitrande brystkasser – i staden er dei parasittar med infiserande broddar og telepatiske evner.

Først planla del Toro dette som ein TV-serie, men då han ikkje var i stand til å få den finansiert gjekk han vegen om bøker i staden. FX plukka til slutt opp serien i år og gav den til Bates Motel-showrunner Carlton Cuse, med planar om ein 13-episodars sesong med premiere juli 2014.

Anmelding: Pacific Rim: – En effektfest uten like fra Guillermo Del Toro!

Utgangspunktet skal vere ein tanke om tre til fem sesongar. Ingen norske kanalar har hittil kjøpt inn serien.

Vampyrar utan flaggermusvengjer, virusepidemiar utan zombiar – ja takk?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.