Som nordmenn, så ser også russarane meir og meir på tv-seriar. Men kva ser dei eigentleg på, og kva seier det om Russland? Filmbonanzas reporter Kjartan Aarsand traff NRKs utanrikskorrespondent, Hans-Wilhelm Steinfeld i hans «bjørnehi» i Moskva for å snakke om russarane sine favorittseriar.

Det statseigde kanalnettverket NTV sender nesten fire timer med russiske gangsterseriar kvar kveld, og ifølgje Steinfeld er dette for tida den mest populære sjangeren i Russland, og det har den vore i ei årrekkje. Ett eksempel er serien Etterlyst (Розыск-2), med Sergei Borisov (Skumringsportrett) i hovudrolla.

– Han me ser akkurat no er typisk for mange sånne serier. Den eksentriske, flinke kriminalteknikaren, seier Steinfeld.

Kanskje ikkje så ulikt dei fleste andre politiseriar? Me er nok mest vand med å sjå Steinfeld med ein mikrofon i nyheitsbiletet i Russland og Aust-Europa, der han har arbeidd sidan 80-talet, men også utanrikskorrespondentar må vel få kunne slappe av framfor tv-en.

Han meinar at generell fattigdom i den russiske befolkninga kombinert med det høge einsemdsproblemet i Russland bidreg til at fleire og fleire ser på TV på kveldstid.

Mange av dei russiske seriane er brutale, noko som gjer dei truverdige, ifølgje Steinfeld.
Mange av dei russiske seriane er brutale, noko som gjer dei truverdige for det russiske folket, ifølgje Steinfeld.

Brutale historier

Han meiner dei russiske krimseriane er betre enn dei amerikanske og minst like gode som dei britiske – i figurar, men også når det gjeld beskrivinga av røynda.

– For det skal russarane ha, dei skjular ikkje at det er mykje kriminalitet – også innad i politiet.

– I går såg me ein serie med planting av bevis, små posar med heroin. Det er så vanleg at sjølv president Putin og statsminister Medvedev kommenterar det på TV.

I 2004 var den russiske mafialeiaren Vitali Dyomotsjka lei av å ikkje kjenne seg igjen i hendingane han såg på russisk fiksjons-tv. Resultatet var serien Spets, sju episodar basert på hans eiget liv, på kanalen Ussuriysk.

Mordhyppigheita i Russland er 40 ganger høgare enn i EU-området generelt, og seriane tek etter verkelegheita. Steinfeld beskriver seriane som brutale, og seier at ein fort kunne ha misforstått tv-nyheitene etterpå som ein del av fiksjonen.

– Samfunnsbiletet som ein slik krimserie gir er attkjenneleg for folk, og følgeleg har det truverd.

Filmbonanza den 6. februar tek for seg korleis den russiske filmen har det for tida, blant anna om kontroversar i landets filmmiljø. NRK2 klokka 20.55.