Filmen basert på dei actionfylte Uncharted-spela har vore i ein eller anna form for produksjon i mange år, men har ikkje heilt fått spikra ein regissør på toppen. No er Seth Gordon mannen for jobben, ifølgje THR.

Uncharted følgjer Nathan Drake, moderne eventyrar og arkeolog (og litt Indiana Jones-etterfølgjar) på hans jakt etter gamle relikviar og historia om hans forfar – den britiske oppdagaren Sir Francis Drake.

Anmelding: «Uncharted 2: Among Thieves»: – En klar kandidat til årets spill 2009!

Den siste versjonen av manuset skal vere basert på det første spelet Drake’s Fortune, der han leiter etter den legendariske byen El Dorado.

Seth Gordon har laga dokumentarar, komedier og tv-serier. Neste prosjekt ut blir action. (Foto: Violet Blue, via Creative Commons: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Seth_Gordon.jpg )
Seth Gordon har laga dokumentarar, komediar og tv-seriar. Neste prosjekt ut blir action. (Foto: Violet Blue, via Creative Commons: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Seth_Gordon.jpg )

Den PlayStation-eksklusive spelserien har vore ein stor suksess for Sony, og Drake har omtrent vore som ein maskot for PlayStation 3, med tre sterke spel gjennom konsollens historie sidan 2007.

Spelglad regissør

Seth Gordons førre filmar er blant anna Identity Thief og Horrible Bosses, men han har eit personleg sterkt forhold til spelverda. I dokumentaren King of Kong følgde han kampen mellom verdas to beste Donkey Kong-spelarar, i det som viste seg å vere eit overraskande underhaldande og konkurransesterkt miljø.

Han har òg blitt tildelt andre spelrelaterte prosjekt, som den førebels uskrivne gjenskapinga av 80-talsklassikaren War Games.

Tidlegare har regissørar som David O. Russell og Neil Burger vore tilknytt prosjektet, med Wahlberg i hovudrolla, men alle dei har i ulike variantar falt frå. Manuset har òg vore innom Marianne og Cormac Wibberley (som skreiv National Treasure, om ein anna Indiana Jones-liknande figur), men den siste versjonen no er skriven David Guggenheim (Safe House, og den komande Bad Boys 3).

Les også: «Superbad»-skaparane: – Det blir berre ein Indiana Jones-kopi

Filmen har vore ein kasteball i Hollywood-systemet sidan 2008, og håpet byrjar eigentleg å svinne litt for når denne vil dukke opp. Dog, eit nytt spel i Uncharted-serien er på veg, og i åra som kjem er det fleire andre storspel som skal ta steget over til film eller tv, deriblant Halo-serien, Assassin’s Creed og Need for Speed.

Kven burde spele Nathan Drake?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.