I oktober rapporterte me at Warner Bros hadde kjøpt filmrettane til Jo Nesbøs komande bok Blood on Snow, med planar om Leonardo DiCaprio i hovudrolla. No rapporterar Deadline at den svenske regissøren Daniel Espinosa (Snabba Cash) er i samtalar om å regissere filmen.
Blood on Snow handlar om ein leigemordar som får i oppdrag å drepe sjefen si kone. At han i tillegg forelskar seg i offeret skapar meir trøbbel. Romanen kjem i løpet av våren, og følgjast så av ein oppfølgjar til neste år.
Bøkene er skrive av Nesbø under pseudonymet Tom Johansson. Forfattaren Johansson skal så etter planen kidnappast i ei komande bok, skrive under Nesbøs verkelege namn.
Espinosa har hatt suksess i Sverige med filmen Snabba Cash, og arbeider for tida med Hollywood-filmatiseringa av Tom Rob Smith-Child 44 – med Tom Hardy, Joel Kinnaman, Noomi Rapace, Gary Oldman og Jason Clarke på rollelista.
Jo Nesbø: – Ville ha hata en dårlig Nesbø-film
Mange Nesbø-prosjekt
Målet skal no vere å finne ein manusforfattar som kan gjere Nesbøs bok spennande på lerretet.
Dette er berre eit av mange pågåande Nesbø-prosjekt for tida, sjølv om nokre verkar å vere lagt litt på is.
Martin Scorsese har sagt frå seg regijobben på Snømannen-filmatiseringa, men hevda i desember i fjor at han framleis ville produsere den. HBO har hatt lyst til å lage tv-serie av Hodejegerne, men utvald manusforfattar Alexander Woo arbeider for tida på ein anna serie for AMC, kalla Bombingham.
Det er rett tid å smi jarnet medan det er varmt, no som Nesbø for tida toppar New York Times bestseljarliste.
I Noreg kjem Doktor Proktors Prompepulver den 14. mars, og i tillegg skal krigsserien Okkupert om russisk okkupasjon av Noreg – i Nesbøs penn, og regissert av Erik Skjoldbjærg – starte innspeling til våren for kringkasting på TV2.
Kva Nesbø-prosjekt har du mest trua på?