I fjor sette ho ny rekord då ho vann prisen for beste kvinnelige skodespelar i ein komiserie for 5. året på rad. I år heldt suksessen fram då Julia Louis-Dreyfus nok ein gong vann pris for si tolking av Selina Meyer i Veep.

– Wow! Tusen millionar takk, sa den mestvinnande komedieskodespelaren frå scena.

Den same prisen vann ho også i 2006 for hovudrolla i The New Adventures of Old Christine, og prisen for beste birolle for sin innsats som Elaine i Seinfeld vann ho i 1996.

Men det stoppar ikkje der! Veep stakk også av med prisen for beste komiserie, noko som betyr at Julia no kan smykke seg med heile to prisar etter nattas prisutdeling.

– Me har ein fantastisk siste sesong framfor oss no, de kan glede dykk til overraskelsane som kjem, kunne ho avsløre i sin takketale.

Ikkje overraskande at det også frå Julia kom ein Trump-referanse:

– Me lurte faktisk på å få med noko om riksrett i den siste sesongen, men var redde nokon ville komme oss i forkjøpet.

  • Kyrre Stav

    Synes at en av de seks hun har vunnet på rad kunne gått til Kaitlin Olson som Sweet Dee i Its always sunny in Philadelfia. Beste (eller verste) kvinnelige karakter siden Elaine i Seinfeld, som selvfølgelig skyldes at hun er god skuespiller.

  • Tom Sugnet

    Eg likar ho.