The Place er eit rosverdig forsøk på å finne opp flettverksfilmen på nytt, og la den utspele seg som eit slags kammerspel. I staden for å nytte speletida til å fylgje delar av liva til dei individuelle karakterane, fokuserer filmen heller på den eine tingen dei alle har til felles: ein mann som med varierande grad av overlegg førar dei på kollisjonskurs med kvarandre.

Men dette innoverande trekket gjer òg filmen litt for repetitiv og føreseieleg, og lærdomen den ynskjer å formidle matast inn med teskei – akkompagnert av i overkant ivrig filmmusikk. Det finst nemleg grenser for kor mange gonger ein film kan la musikken svelle og sjølvtilfreds fade ut til svart.

Variert kamerabruk og generelt godt skodespel gjer at filmen aldri er keisam, til tross for 105 strake minutt med dialog utan skifte av kulisser. Ein blir likevel sitjande å vente på ei vending som aldri kjem.

ANMELDELSE: Hannah – Grå, trist og kjedelig film

Flettverksdramaet foregår utelukkande på denne kaféen. (Foto: AS Fidalgo)

Ein avtale med djevelen?

The Place er ein italiensk adapsjon av ein amerikansk serie frå 2010 kalla The Booth at the End, og filmen spelar ut omtrent same handling som den fyrste sesongen.

Ved eit bord i ein kafé sit mannen som er knutepunktet for ei gruppe menneske som alle ynskjer å endre noko i livet sitt. Dei vil bli vakrare, kurere sjuke familiemedlem, eller få tilbake kjensla av å vere nær gud.

Kvar dag, heile dagen, sit han der med ei notatbok overfylt av skriblerier, og tek imot dei forskjellige ynskja. Med triste auge og eit uttrykk av konstant ansvarsfråskriving spelar han rådgjevar, fortruleg, og dels ufrivillig antagonist til desse rådlause individa, som trur dei er villige til å gjere kva som helst for å forbetra livssituasjonen sin.

Han tilbyr avtalar i form av ulike oppdrag – ofte grufulle ting som ran, mord og valdtekt – og lovar at dei vil få det dei vil ha om dei gjennomfører.

ANMELDELSE: Mountain – Byr på noen smellvakre «wow»-øyeblikk.

Valerio Mastandrea spelar «Mannen» som kan gje folk det dei ynskjer. (Foto: AS Fidalgo)

Forsøker på for mykje på ein gong

Store deler av The Place kvilar på ansiktet til Valerio Mastandrea, som spelar denne namnlause Mannen – om han då ein gong er ein mann. Filmen spelar kortet om kva han eigentleg er tett på brystet, og lar sjåaren gjere opp si eiga meining. Mastandrea er karismatisk nok, men får ikkje gjere veldig mykje ut av seg.

Tida er splitta mellom heile ti personar som alle skal ha sin vesle historietråd, fortalt gjennom dialogar med Mannen. Folka har namn, og samtalane gjev oss hint om bakgrunnen deira, men dei er for mange til at filmen kan gå særleg djupt – sjølv når historielinjene byrjar å flette seg samen. Dei blir difor aldri meir enn typar, i staden for heile figurar.

I total speletid er det ikkje mykje som skiljar filmen frå serien den er basert på, men truleg utgjer lufta mellom kvar episode ein viktig forskjell. Då får ein tida til å tenkje meir over dei eksistensielle spørsmåla som blir tatt opp, heller enn å berre leite etter samanhengen i forteljinga.

Filmen er ikkje interessert i å gå innpå korleis det henger saman at denne Mannen kan hjelpe folk å få det dei vil ha ved å gje dei moralsk tvilsame oppgåver. Når det då òg er for enkelt å føreseie korleis dei ulike oppdraga vil spele seg ut, er det lite spenning igjen til å skape minneverdig drama.

Om FILMEN

The Place
  • The Place
  • Slippdato: 20.04.2018
  • Regi: Paolo Genovese
  • Utgiver: Fidalgo
  • Aldersgrense: Tillatt for alle
  • Sjanger: Drama