nrk.no
Silk Sonic - «An Evening With Silk Sonic».

Sjarmerande, presist og alvorleg cheesy

Anderson Paak og Bruno Mars sin hyllest til 70-talets soul er stappfull av kjærleik og glimt i auget.

Det starta som ein intern vits mellom Anderson Paak og Bruno Mars då dei to amerikanarane turnerte saman i 2017, men fire år seinare er Silk Sonic blant musikkverdas heitaste namn.

Tidlegare i år tok dei, kanskje litt uventa, verda med storm då dei sleppte debutsingelen «Leave the Door Open». Ein ting er at det er i vinden å vere nostalgisk, men at det var soul med så klare linjer til 70-talet som skulle vere det neste store, hadde vel ingen sett for seg. Sjølv med to etablerte artistar i spissen.

Når det er sagt, var Dua Lipa sin disco-flørt eit av fjorårets høgdepunkt, så kvifor ikkje?

Strekk seg langt for å låte autentisk

Mars og Paak tilnærmar seg den svunne musikalske perioden både sjølvbevisst og med respekt. Dei to har ei perfeksjonistisk haldning til prosjektet, og står bak det aller meste av grunninstrumenteringa på «An Evening With Silk Sonic, saman med produsent D’Mile (du verden for ein trommis Paak er!).

Studioarbeidet var visst nok ein langvarig prosess, der opptak på opptak vart skrota.

Det var ikkje nok at ting var bra. Det skulle låte riktig også.

Sånn for å sikre soundet av Curtis Mayfield og grupper som The Delfonics (ikkje dei mest brukte referansane på p3.no), gjekk dei til det skritt å erstatte alle instrumenta i studio med tidsriktige modellar og hente fram 70-tals innspelingsteknikkar. Skal det vere, så skal det vere.

Anderson Paak spiller trommer mens Bruno Mars spiller bongotrommer.
DYKTIGE MUSIKARAR: Særleg tromminga til Anderson Paak (t.v.) står ut på Silk Sonic sitt debutalbum. Foto: Warner Music Norway, promo.

Alt det harde arbeidet betalar seg, for dei lukkast langt på veg. Er ein ikkje kjend med prosjektet, kan ein tilgjevast for å i forbifarten forveksle Silk Sonic med ei faktisk ihelsampla soulgruppe frå midten av 70-talet.

Legg til at funk-general Bootsy Collins, eller Bootzilla som han sjølv kallar seg, med jamne mellomrom krydrar albumet med ein kommentar eller to, og det byrjar verkeleg å lukte autentisitet av «An Evening With Silk Sonic».

Over the top

At dei to er sterke entertainerar med god kjennskap til referansane sine, gir seg også uttrykk i sjølve låtmaterialet. Sjølv om albumet tidvis kjenst riktig så ektefølt, er duoen også klar over alle tropane og stereotypiane knytt til epoken dei hyllar, og humoren er sjeldan langt unna.

Til dømes er den ekstravagante og sjølvhøgtidlege Rick James-figuren nærast for eit popkulturelt fenomen å rekne, men sjølv James var vel aldri så høg på seg sjølv som det Anderson Paak er på «Fly As Me».

Tilsvarande kan den smittande sjølvtilliten og «high roller»-haldninga Bruno Mars utstrålar på «777» få sjølv ein mormonsk biskop til å ville legge alle sparepengane på casinobordet.

Anten det er slike overklokka ego dei imiterer, eller om det er den nesten latterleg erotiske storsjarmøren på debutsingelen «Leave the Door Open», er skildringa av desse ekstremt tilskrudde mannskarakterane gjort med glimt i auget og kjærleik.

Det er over the top og nesten politisk ukorrekt, men det er også eit godt eksempel på musikk som underhaldning.

Medan autentisitet har stått i førarsetet for albumet, er det derfor ikkje tvil om at prosjektet likevel er funk og soul sett gjennom 2021-briller. Det er nemleg mykje modernitet i det også. Karane i Silk Sonic er til sjuande og sist hitmakers, og prosjektet fungerer fordi det ikkje er eit forsøk på latterliggjering eller å kopiere det som allereie er gjort.

Medlemmene i Silk Sonic, Anderson Paak og Bruno Mars, poserer fremfor et hus.
KJENNER SJANGEREN: Silk Sonic hentar ut det beste frå 70-tals soul for å lage tidsriktige hits. Foto: Warner Music Norway, promo.

Det er friskt å sjå to artistar utfylle kvarandre slik Paak og Mars gjer, og at dei brukar det som eigentleg er godt utbrukte verktøy for å skape tidsriktige hits.

Gir seg medan leiken er god

Med ei speletid på grovt 30 minutt, må kvelden med Silk Sonic kategoriserast som ein tidleg kveld. Kanskje er det ein styrke. Sjølv om det er ein absolutt vellukka hyllest til både inspirasjonskjelder og ei svunnen tid, kunne dette nådd eit punkt der det blir for mykje av det gode.

Silk Sonic avsluttar medan leiken er god, og held med det også liv i den kjærlege humoren albumet er pensla med. Her er det akkurat nok, og i staden for å lene seg på eit par megahits, klarer «An Evening With Silk Sonic» å treffe på alt det er meint å vere:

Sjarmerande, presist og alvorleg cheesy.

LES FLERE ALBUMANMELDELSER: